Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese Nils Olson Vindingstad

I joli var imbrudn ute fór

(Nils Olson Vindingstad kan gamalt)

Det var visi at alle skulde vaske seg i hovudet jole-eftanskvelden. So var det ein gut i Røn i Vestre Slidre, som hadde gått ut jole-eftan etter han hadde vaska seg, for at håret hans skulde turke. Folket hans venta på han, men dei såg ikkje meir til han på aldri so lenge. Då han seint um sidan kom, sa han:

”E fekk aka friskt på Køta-vølla, e!”

Eit liknande hende tala han far um. Ein gong var det ein slidring som møtte eit fylgje med imbro på Slidreåse. Han spurde dei då:

«Ko vil dø åv te natt’n?»

Då svara dei: –

«Mø vil te hono Anfin Roble o kvile. Sia sko mø te hono Anfin Graupe i Gudbrandsdale te natt’n.»

Då dei fór, syntest han at dei slatt etter grantoppane.

I Øye-bygd’n i Røn fekk ein sjå imbrudn. Ein jole-eftan kom dei ridande inn på ein gard der. Det var visst i Høll’n. Ein som heldt til der, hadde lagt seg inn på ein løohjell med eit småhalmsåld over hovudet. No låg han og kika gjennom såldet og ut gjennom løoveggen. Han hadde då fått sett imbrudn.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *