Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese Nils Olson Vindingstad

I krigen i 1814

(Nils Olson Vindingstad kan gamalt)

I krigen i 1814 var Kristenson på Røgne (f. 1785) og Mikjel, halvbror hans (f. 1793), med. Kristenson, Ola heitte han, var so endefram og «radikal». Men Mikjel var stillfarande. Då dei skulde åt krigen, sende folket deira med dei ei kiste med mat. Dei gav honom Mikjel nykjelen. Men han Ola dengde han Mikjel og tok nykjelen tå han. Men han var menneskeleg mot han med. Då dei hadde ete opp maten i kista, kjøpte han Ola mat att i ho, so det hadde mat lenger.

Um Ola er det meir å melde. Han gjorde seg fleire gonger namngjeten i krigen. Ein gong bodde han i eit hus i Kristiania. Der var han saman med mange andre. Då vart det stor ugreie mellom karane. Men Kristenson hadde fått tak i ei katte som han brukte til handøvle. Men henne jaga han huset tomt.

Då dei heldt på varde ein festning, var Ola festningsvakt. Han hadde to-tre mann innanfor festning-smuren til å la åt se. Sjølv låg han uppå muren og skaut. Når han hadde skote or ei børse, leverte han ho til ein av ladarane og fekk att ei børse som var ladd. Soleis heldt han på. Då skulde kapteinen ha sagt:

«Hatt e eit kompani me sleke kara so Kristenson, skulde e jaga styggen ut or helveti!» —

Eg har høyrt som eit nøe til um nokre som var med i krigen mot svensken. Alle som hadde verneplikt, vart kalla ut. Blant dei var ogso han Knut på Jørstadhauge, han Andris Skattebu og han Bendik i Veltun. Han Bendik hadde støl på Juvik’n. Då han fekk bod um at han skulde åt kri’n, tok han sonen sin, som var ei fire—fem år gamat, på ryggen og bar han upp på stølen til kjerringi si. Sjølv gjekk han frå Juvik’n og utover Etnedal’n og vidare dit det var soldatmønstring.

Dei tre øystreslidringane som her er nemnde, var vener og godt kjende. Dei var ogso sidemenner i krigen. Med dei heldt på og stridde og skaut i eit slag, sa Andris Skattebu til dei hine to:

«Ja, e ska undrast, e, kem so får de fyrst tå uss tre!»

Då han hadde sagt ut ordi, kom det ei kule og gjekk gjennom hovudet hans Bendik i Veltun. Dei slapp vente lenge på svar. —

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *