Internt referansenummer: 24.06.09 – A
Kilde:
HALLINGDAL OG HALLINGEN
Av:Anders Mehlum
Utgjeve av Mehlums vener
VILLVOLL SKRIVESTUGGU, RØYSE, RINGERIKE 1943
Webergs Boktrykkeri A.s, Oslo
(Klikk her for å lese Forordet, som omhandler Anders Mehlum (med bilder))

I krigs- og krisetider

Då krigen med Sverike stod på, i fyrstningi av det nittande århundradet var tilhøvi i Hallingdal skrale. Umlag alle karfolk var ute i krigen, heime var berre kvinnor og born og aldruge menner. Graset vart ikkje slege, åkrane ikkje pløgde eller sådde. Difor vart kornhausten der etter. Det lagdest ogso til med frost og uår, og ei skjeppe korn var ikkje å få for pengar.

Attåt alle vanskar og naud og elende kom saknet av pålitande meldingar frå slagmarkine. Blad var nær sagt ein ukjend ting på desse tider. Postverket var ogso dårleg utbygt i det heile teke, og i krigstider var det ikkje betre, men tvert um verre, so truleg ikkje eit einaste brev nådde fram til Hallingdal. Det har i alle fall vore fåfengt for meg å få spurlag på noko slikt brev, og då kan det ikkje ha vore mange av desse, for hallingdølene har sermerkt seg med den varsemd dei støtt har synt med å gøyme på gamle papir som det knyter seg eit eller anna minne til.

Men ville gysjor frå slagmarkine i aust var det nok av, og dette skapte mykje redsle millom folket i Hallingdal.

Folk trudde dei høyrde Dysterhornet hjalde ut over Strandafjellet i Ål og nedover dalen. — Dysterhornet var eit horn usynlege makter tuta i når fienden var ventande til dalen. Då Dysterhornet var høyrd, var ein viss um at svensken skulde korna med plyndring og dråp til dalen.

Madam Leigh — prestekona i Ål — flytja til langstølen, Buhovd, då Dysterhornet var høyrd. Mat, sengeklær, andre klædi med og elles verdfulle ting av mange slag, tok prestefolket med seg og gøymde dette i Buhovdholet — ei berghole i nærleiken av prestegardsstølen. Burt i dette berget vilde prestekona flytja sjøl med, når svensken kom.

Endå det etter måten var få folk heime i bygdane, var kyrkjone fulle under gudstenestene. I Ål fall sokneprest Leigh og heile kyrkjelyden på kne på kyrkjegolvet og bad stillt sitt Fadervår og ei bøn for dei som var i krigen.

Det var snykting og gråt over heile kyrkja, for alle hadde frendar i krigen.

«Det var ei rar tid, — det var andakt og Gudsfrykt den gong, for Vårherre straffa oss», sa ei gamal kone i Øvre-Ål, som var barn denne gongen, og som har fortalt meg noko av desse hende. «No bed ikkje kyrkjefolket slik», sa ho. «Å jau, dei bed no med», skyt ei yngre kone inn. «Ja, dei fér nok med det, og skjek på seg burt i ein krok, men det er ikkje som den gongen, — det var ålvor i det då», svara den gamle. — «Det var undarleg å sjå gamle og unge — like til små bom ligge på kyrkjegolvet i gråt og bøn for den dei hadde kjær».

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *