Internt referansenummer: 04.10.2009 – A
Kilde:
Folkeminne frå Sunnmøre II
Jørgen Gjerding
Ålesund 1932
I kommisjon hjå Alb. Gjørtz Bokhandel
Klikk her for å lese en ”innledning” til boken.

I Larsgarden på Maråk

I Larsgarden på Maråk låg tenarane i ei gamal sengjabud. Ein gong tykte dei det kom inn ein skapnad, ein sylater i mundering og med sabel, han var still, sa ikkje noko og gjorde heller ikkje noko, — og so kvarv han vekk att.

Ei stund etter kom det order om at no var det ufred, og alle sylatrar laut reise straks.

Han Hjelle-Ingebrigt var ein av dei som såg den sylater-skapnaden i sengjabuda, han fortalde det seinare. Han var visst synsk elles ogso, han Ingebrigt. Han såg honom gamle Lars Vinje kor han gjekk innover kyrkjegolvet under preika og slo med handa si nedpå hovudet åt somme som sat oppi stolane, og då uvita dei med same. Då var han Lars Vinje longe død.

Han Hjelle-Ingebrigt var frå Eidsdalen, men bedde i Aaknesa seinare.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.