Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

I Medbyåsen

(Saltdal) var det bg nedsett pengar. Men desse var det rona over; det var sume som for med slikt; dei sette pengane i jorda med ord og lesnad. Og kunde du ikkje desse orda, so vilde det lite lukkast å få pengane fri. Og mang ein har vorte illa røynt av den leiken.

Ja, det var tilfellet med pengane i Medbyåsen, som eg seier. Dei som tok dei, var tre i talet. Det var han Jens Herdagso og han Hans Jenso på Medby; den tredje var han Johan Perso på Drage. Dei hadde set pengeljos, og hadde det til marke. Men då dei kom åt pengane, låg det ein svart hund over; men dei heldt ferda fram og gjekk på; og ein av dei hadde so hogt i hunden og slemsa han attlengs over hovudet sitt. For det var slik det laut gjerast, når noko låg over og vakta på.

Men dentid det hadde borest til å byta sund desse pengane, so hadde han Hans Jenso set seg snitt til å juksa dei andre på vekta, er det fortalt.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *