Internt referansenummer: 21.06.09 – A
Kilde:
HULDER OG TROLLSKAP
FOLKEMINNE FRAA ØSTERDALEN IV
NORSK FOLKEMINNELAG XI
Av:
SIGURD NERGAARD
(Klikk her for å lese om Sigurd Nergaard)
KRISTIANIA (NORSK FOLKEMINNELAG 1925)
Prenta hjaa Johansen & Nielsen, Oslo

I Nubben

(Ei huldersegn)

 

I Nubben var det og slik. Daa ho Berte Stø’n laag i Kraaksærtra med buskapen, var det ein kveld baade gjærtaren og krøtera ikkje kom att. No hadde dei haustsæter i Nubben, og ut paa natta tok ho daa til aa tvila for buskapen hadde drege dit. So stod ho upp att og drog i vegen. No er det ei lita slett burt med Nubben, tett attmed vegen, og daa ho kom dit, fekk ho sjaa det var so det yra der med smaa folk som spela og dansa og lo. Og milt i millom deim stod gjætaren og buskapen klumsa, dei kunde ikkje koma taa flekken. «Min aa jøssenam er ‘ta. da?» sa ho. Daa vart dei burte, og gjætaren og buskapen vart med attende paa Kraaksætra.

Ho Stor-Anne Bergsveen tala so ofte ved deim der paa Nubben. Ho var godvener med deim og hadde alder nokon skade taa det, sa ho. Men so vilde ho alder tala um att noko etter deim. Gjorde ho det, vilde det gaa gali; men kunde ho tegja, skulde ho alder bli pengelaus. «Og itte har je sagt naa, og itte har pongen min vore tom sea hell. Det kann ha vøre att berre in skjelling; min tom har ‘n alder vorte,» sa ho, daa ho tala paa dette etter ho hadde vorte gamal.

Han Bremer Berge hadde ingen skade taa deim han hell. Han gjekk der og leita etter ei ku som hadde vorte burte. «Bremer! Her er kua di!» ropte det burte i skogen. So gjekk han etter ropet, og daa fann han kua.

Et natt ropte dei aat budeia. «Kari!» skreik det utanfor veggen. «Naa lyt du staa opp og gaa aat fjøset!» Nei, ho Kari vilde ikkje upp, berre laag still, for du veit haugfolket kann faa makt over deg, dersom du svarar denn. Men so ropte det att um eit lite bil:

«Nei naa lyt du skurade deg aat fjøset Kari, før ho Kranselin strøper seg!» Ja, daa ‘slengde ho paa seg ein stakk og drog aat fjøset. Og jamen var det paa tid ho kom, for kua hadde eine foten i bandet og heldt paa aa strøypa seg.

Elles er det faarleg aa gaa ut slik, naar dei roper. Paa ein plass her i bygda laag dei og sov um natta, daa det ropte – Jens!» utanfor veggen so det gnall. Det var ein gut, berre so vidt vaksen, sam heitte Jens der. Han trudde det var nokon taa kameratarie, og gjekk ut. Men han kom alder att. Dei leita og gjekk manngard, og sist paa ringde dei med kyrkjeklokka; men guten vart burte han.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *