Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

I Opsalmarka i Gildeskål var det ein utbor

I Opsalmarka i Gildeskål var det ein utbor, som for og tedde seg medkvart. Dei hadde høyrt han ropa, og sume hadde set han og.

Det var gjerne denne eg og ho syster mi var frami alt med vi låg der med reinen. Det var ei natt so på vårvinteren, dette, og vi hadde gjort upp varme. Best det var, tok vi til å høyra barnegråt attum oss.

«Kørs! Ka e datte?» sa ho Greta.

Eg upp. Då eg ikkje kom til å få sjå noko nærast attmed bålet, tok eg til å spora rundt kringum, skulde sjå um- det vistes trakk i snøen. Men alt det eg gjekk, vart eg ikkje vis andre spor enn dei eg sjølv hadde sett på. Og med det laut eg berre gje tapt. Kva det no meir hadde vore.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *