Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

I prestegarden i Saltdal

 

I prestegarden i Saltdal var dei i kast med noko trollheit eit tak. Det fyrste dei marka dette, var det året Daae kom hit som prest (i 1812). Daae kom til Dalen med ei stemnejekt; det var no ikkje anna far i dei dagar, veit du. Og ho som var mi bestemor, flytta hit i lag med, frå Hafslo i Sogn, der Daae sist hadde havt kall.

Innan dei no kom seg i stand i prestegarden, so Daae kunde få ta til med skola, leid dette bra på sumaren. I den tida hadde borna hus i prestegarden, dei som ikkje vann å gang heim, då. Gluntane hadde sengstaden sin uppå borstuloftet, og vekj’n i eit kammers under.

Ja, so ei kort tid etter skola var komen i gang, tøk dei til å få det so ukyrt i dette borstukammerset, etter dei var lagd. Borna visste no ikkje godt kor dei skulde gjera det, inkje tordest dei klaga, og lite tordest dei liggja der. Men so kom dei og tala um det for ho besta. Ho bad dei berre vera tyst, so presten ikkje fekk tak i det, elles kom dei til å bli attvist, sa ho.

«Men kann inkj du, Ingeborg, ligg me oss, då?» bad dei.

Dette endast so ho besta gjekk med dei åt borstua, og vart liggjande der natta over. Vel dei var komne i seng, vart det eit brak utkring veggen; deretter var det å høyra til som ein hest hadde fare i langtan rundt kring stua. No var det liggjande ei stor helle utum veggen, ei dei hadde å set frå seg kjørel på. Og best var, vart det eit overhendig brak utpå denne hella, so berre eldgneistane fauk av steinen. Men med det stiltest det av; og dei høyrde ikkje meir der på heile natta.

Um dagen tok vekj’n til å tel på att med ho besta, um å få henne i borstua ei til natt.
Den kvelden fekk dei det inne i sjølve stua; det gav seg til å trø etter tilet, tunge steg att og fram. Men på det siste tok dette slutt.

Borna hadde no fått slik ein otte i seg, so dei vilde ikkje liggja der minder dei fekk vaksne i lag med seg. Og ho besta hadde ikkje mannskap nok til å varsku presten, soleis kom ho til å bli liggjande hos dei den tredje natta og. Ja, alt med dei sat og a’kledde seg, var det noko som gav seg til å snerra rundt kring føt’n deira. Det gjekk tull i tull, som ein annan gannbørr. Kom so kilande upp etter senggavlen; det berre spraka i veden, sa ho besta. Og i det same fekk ei av dei, ei frå Saksen vik, noko uppå brystet; og med dette stod på, marka dei som ei blefring der denne trollmakta heldt til. Vekja la då i å ropa, og bad um å bli fri.

Men no hadde prestfrua fått tak i det. I det fyrste so vilde ho lite tru; ho vilde sjølv ditett innan, sa ho. Og um kvelden bad ho rådsdrengen um å gang med seg; han heitte endå Jens Torsteinso denne. Ja, dei kom ditett, og vart sitjande i lag med borna. Men fyrst dei hadde sløkt ljoset, bar det til som kvelden fyreåt; det vart denne rullinga etter golvet eit tak, so uppetter senggavlen. Og på det siste søkte det åt henne frå Saksenvik. Elen var det visst ho heitte, vekja. Prestfrua var elles den som vart mest skræmd den kvelden; ho laut sluttpå få halda i handa til rådsdrengen; og han sa det sidan at ho bebra og skalv som eit lauvblad der ho stod.

So var dei inne etter Daae. Presten kom; men han var jus-som noko kvass med det same; han vilde ha å vita kva slags tull dei hadde for seg. Men då han hadde vore ei kort tid, var han vel komen i andre tankar. For han bad dei gang or kamerset, alle so nær som ho frå Saksenvik. Henne sette han på ein benk, og han sjølv i breidd med; vekja hadde han sitjande slik ho la føt’n over knea hans. So sløkte han inne; og i det same bar det til att med denne utida etter tilet. Han kalla no dei andre baker; so påla han dei å koma seg i seng.

«I børn, I kan nu trygt lægge eder,» sa han.

Men ho frå Saksenvik laut derifrå. «Du får gå med Ingeborg til hovedbygningen og bli hos hende i barnekammeret,» sa han. Ho bestemor var til barnegjente hos Daae, ho.

Um natta, ved midnattstider, var rådsdrengen utkring veggen i sine eigne ærend. So vart han vis presten; han kom då gangande frå hovudbygningen, og var i full mundur, og etter alt det han Jens kunde sjå, bar Daae ei bok innpuinn armen. Men drengen skunda seg berre inn, so han kom ikkje til å sjå kvar presten meir tok vegen.

Attpå dette stiltest det av der; og ingen kom til å bli uroa meir i Daae si tid.

Men etter det ho besta tala um, so hadde frua spurt presten kva det var som for der og masa.
«A, det var nu noget fjas,» skal han ha svara.

Men i Koren sine dagar bar det laust att. Ja, då var det ein svare styr. Det tok til på eit stelle dei kallar Lunden, innum prestegardsbygningen.

Ein varmsumar flytta Koren dit til Lunden med skola, og heldt overhøyring. So ein dag vart eit av borna av med bøkene sine. Det var ikkje anna å tenkja um dette, enn det nokon av dei andre som var i skola, var kjyvåt. Men han som hadde mist, våga ikkje på å klaga; for Koren var ein overhendig hastig og uppfarande mann. Dentid skola var slutt, og presten heimfaren, hjelptest dei åt å leita, fleire av borna; men bøkene sågst ikkje.

Nokolite deretter tok dette seg uppatt; det var ein som vart fri for bøker. Og no kom dette til å gang slag i slag eit tak. Borna hadde bøkene liggjande i breidd med seg; men dei vart skilt med dei der på slette marka. So vart presten vis at fleire tok til å koma ditett fri for bøker; han gjekk då på og ville ha å vita kor dette høvde til. Ja, dei svara alle på eitt vis; dei vart av med bøkene under overhøyringa, sa dei. Det fyrste trudde no Koren og det var nokon av konfirmantane som stal. Og han spurde og ransaka for å få dette opendaga. Men alt med han dreiv og spora etter, kom det burt bøker, unda for unda, motes kvar ein dag.

Han flytta no baker til prestegarden. So påla han borna å gje bøkene til prestfrua, når dei var ferdig å lesa i dei. Men det same var det same; det vart burte bøker både under overhøyringa og i den tida frua hadde dei til forvaring. Og dentid skola var slutt, var det fleire som var fri enn som hadde.

Sumaren etter bar det til att på same viset. Det gjekk då so hardt på so dei vart reint forkomne med bøker. For då det leid på tida, var det berre ein glunt som hadde att; han heitte Jens Kristofferso denne, og vart seinare buande på Leivset. Ja, han hadde den skikken han sat på bøkene med dei var inne. Han skulde elles vera lite komen seg med lesnaden denne kroppen, han var høveleg tørkåt, som eg seier.

I denne tida heldt konfirmantane matskikk på låven; og innetter heile latilet stod det fullt flia av matlaupar og skyrdallar og slikt.

So ein dag dei hadde som eit friminutt, borna var samla utpå prestegardstunet, då la det til med ein rammel der innpå låven. Og i det same tok det til å koma matkoppar sendande nedetter låvebrua. Men då var presten der; han hadde set til det innanfrå stua, for so til låven. Der lukkast det for han å få det nedstilla; og kort tid etter kom han ut; men han hadde då fått ein svart hund etter seg. Borna heldt auge med hunden til han var nedpå brua eit stykke; der var det som han sokk ende beint i jorda.

Presten såg no kor borna stod der, sterr og uppskjerra. So gjekk han åt og trøysta dei.

«Det er jo bare den slemme prestegårdsnisse som driver sitt spill her på låven; så det er ikke noget at bli redd,» sa han.

Men bøkene kom no for ein dag att, dei; det var um sumaren etter. Det var ein gammal høysjåg der, av desse som stod på stolpar. Og innpuinn dette sjågtilet fanst dei att. Men kvar enda ei var vreden tvert av, tjukke bøker med trepermar og skinnbrea. Molane vart samla ihopen, og dei fekk i to kumatholkje.

Ho besta spurde eingong Koren kva han trudde um dette; ho var so til vens med alle prestane, etter ho hadde vore hos Daae.

«Ja, det må vel være denne prestegårdsnisse, som jeg tidligere har sagt.»

Men ho besta forstod no so mykje, at Koren hadde ei onnor tru under, berre han vilde ut med det.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *