Kilde
Det mørke landet
Nordnorske eventyr og segner
Av Edvard Ruud
Illustrert av Karl Erik Harr
Fonna Forlag 1980
Gjengis med spesialtillatelse av
Edvard Ruuds sønn;Tore Ruud

I rorlag med hulderfolket

Vest av Bodin , imot Vestfjorden, ligg det øy kalla Landego . Der budde ein gong ein fattig fiskar, heitte Jens. Lett var det ikkje for han å få lofot-rom. Han var for fattig til skikkeleg utrusting. Då eldste sonen hans var blitt såpass vaksen at han kunne ta han med til Lofoten, tok han båten sin, med guten og ei fattig utrusting, og la på Vestfjorden med. Det var lofot-tid for alle.

Då han hadde segla ei stund, kom han i lag med eit stort båtlag som hadde stemning på Lofoten, liksom han sjølv hadde. Han Jens følgde den store båtreisa. Dei snakkast, og vart samde om rorlag i Lofoten. Dei skulle henge fisken i lag og dele lotten sia. Det var gilde folk, syntes han. Dei segla i lag og kom fram til Lofoten. Dei kom til eit stort fiskevær med både brygger og naust og fine rorbuer. Hjellved var der nok av. Men fiskeværet var ukjent for han ifrå før. Namn på været fekk han heller aldri vite. Han var litt redd frå først. Men rorkameratane var så snille at all frykt svann.

Så var det ein dag han sat roen med juksongna, fekk så han Hans, guten, så vondt i ein arm. No rekna han med at det vart landlæga for han nokon dagar. Men det var ein mann av rorlaget, han baud seg til å ta plassen for han Hans. Dei kom i land. Guten vart vist opp til ei gammal doktorkjerring som stelte med armen hans. Eit par dagar etter var han frisk.

Då guten gjekk frå doktorkjerringa gav ho han ein vakker ring. Ho sa at den ringen måtte han ikkje gje vekk og heller ikkje misse. Guten tok imot ringen med takk og gav løfte om det.

Så lakka og lei det til heimferd. Fisken som hong på hjellen tok dei takst på. Han Jens og guten fekk to karslottar. Det var meir enn dei hadde venta. Guten var då berre halvkar å rekne.

Då dei kom heim til Landego, var enno ikkje dei andre av lofotfolket komne. Det vart mykje prat om kor han Jens hadde rodd fiske i Lofoten. Endå meir prat vart det då lofotfolket kom heim – og ingen hadde sett korkje han eller båten hans. Men storlott hadde han fått, det merka dei alle. For dei andre hadde det vore svartår.

Så gjekk eit år. Det lakka til lofot-tid. Han Jens var no vidgjeten som høvedsmann. Mange ville skippe seg med han på lofotfisket. Men ingen fekk ro med han. Tidlig ein morra skauv han båten på flått, tok guten med seg i båten, sengklesekk, kostkista og noko bruk, og så la dei ut på Vestfjorden. På ferda over møtte han same bråtreia han hadde møtt året før. Det vart rorlag på ny ein vinter og stor lott. Han kom heim. Folkepraten auka. Ovundsjuka voks.

Tredje vinteren kom. Han Jens hadde fått seg ny båt og la ut på Vestfjorden til nytt lofotfiske. Det var sant. Han møtte same båtlaget han før hadde hatt. Dei slo følgje. Fram kom dei, og rodde både bulag og båtlag. Dei fiska i lag, bytta lotten, og han Jens og guten kom heim med høgste lott. Då tok folk til å sladre. Dei spurde guten ut. Men han ville ikkje seie noko. Vetesjuka auka. Så skulle guten, Hans heitte han, til konfirmasjon i Bodin. Presten pressa han Hans og frega han ut om all den velstanden på Landego. Så greidde han seg ikkje imot prestepresset. Han fortalde presten det som hadde hendt, om både ringen og lofot-lottane.
Natta kom. Då vakna han Hans med eitt. Ein ung og vakker jenta stod no og gret framfor senga hans. Ho sa:

«No kan ikkje du og far din få ro meir hos oss. Det var mor mi som gjorde dæg frisk i armen din. Mellom oss to kan det ikkje bli meir. No må vi flytte fiskeværet. Ringen du fekk må du alttid bære – så vil løkka følgje dæg.»

Han Hans og faren fór til Lofoten vinteren attpå. Dei rodde i lag med andre saltværingar. Ringen hadde han Hans på kvar dag. Alttid fekk dei meir fisk enn nabobåtane – endå dei slett ikkje hadde betre bruk i sjøen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *