Kilde
Det mørke landet
Nordnorske eventyr og segner
Av Edvard Ruud
Illustrert av Karl Erik Harr
Fonna Forlag 1980
Gjengis med spesialtillatelse av
Edvard Ruuds sønn;Tore Ruud

I stormen

I gamal tid stod der fleire rorbuer på Gåsøykalven i Øksnes . Men ein gong kom ein forfælande sudvestkuling og feide alt med seg. Mange båtar som låg heilt utpå Drågjen såg dei aldri noko meir til. Berre her og der på strendene fann dei restar av båtane. Og på ein stad dreiv det i land 35 par vottar som høyrde til på ei hand. Denne staden vart kalla Vottestad. Dei einaste som kom frå det med livet utpå Gåsøya hadde sett seg i spenn etter ein dregg høgst på øya. Ja, det var storm det, kan du tru. Det var same gongen han rann over Valen i Nyksund og tok ein fjøs med fleire kyr med seg, og buene og alt som var. Ein fiskar frå Skjolda hadde berre 14 tønner lever som han miste. Dei hadde ligge velt under butelet hadde ikkje stormen kome. Der skulle stå eit naust att i Nyksund, og oppe i snibanda fann dei fleire storaura hengjande, og rundt markene låg det daud fisk, då havet drog sjøborren oppunder seg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *