Internt referansenummer:B-000015
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen IV
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 83
OSLO 1959
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese ”Etterskrift”

I ulvti'om


Det var den tid da folk gjekk i bygdom og bad åt seg. Ei kjering hadde vore burti Folldale, og der hadde ho fått noko kjøtmat i sekken. Nå var ho på vegen hit til Dovre, og så skulde ho natte over i ei gamal forfallen bu burti her ein sta'n. Bue vanta både dør og glas, og det var hol i taket og. Ut på natte kom ulven, og han kjende nok teven tå kjøtet, og han vilde inn i bue. Kjeringe hadde stav og den slo ho med og heldt ulven unda, han prøvde å koma inn både um dør og gjenom taket, og kjeringe vann ikkje meir så lenge natti vara enn å halde ulven unda. Um morgon da ulven endeleg drog seg unda, var ho mest klar. Men ho hadde da berga livet og kjøtet òg med stave sine.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *