Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Ikkje ferdig med stellet sitt

I gammal tid gjekk ferdakjøringa frå Røros innetter Hådalen. Det var da bruk for fleire overnattingstader for hestar og karar. Ein slik overnattingstad var det på Kvispdala.

Seinkveldes kom det ein ferdakjørar til garden. Han fekk husly både for seg sjøl og hesten, sette hesten inn i ein god og varm stall og roa seg sjøl inne i stova. Det var ein kald og hard vinter med mykje snø. Karen var frå Tufsingdalen.

Om morgonen var han tidleg oppe. Han fekk seg kaffe og mat og ville gå i stallen til hesten. Det var ein lang dagsmarsj som sto føre og hesten måtte også ha foret sitt.

Gammalmannen på garden såg kva ferdakaren hadde føre og sa:

–    ”Du må inte finne på å gå i stallen enda. Døm æ itt ferdige med stellet sitt enda di ander.”

Karen gjekk lell han, brydde seg ittnå om kva den gamle kallen tullsnakka i.

Men han kom ut att fortare enn svint.

Det var tussane som lempa han hardhendt ut. Dei var ikkje ferdige med stellet sitt som kallen hadde sagt.

Denne hendinga er frå 1850-åra.

Ei iskald hand

Ein annan kjørar skulle gje hesten sin for i same stallen. Det var sist på 1700-talet, vinter og måneskin. Han kom inn i stallen og råla ihop høyet som hesten hadde hufsa fram av krubba.
Da fekk han ei lita, iskald hand i handa. Han kjende så vel alle fingrane og det var styrke i den vesle handa. Det klemde til så det gjorde illande vondt, og da han kom inn att hadde han blåe merke etter at han handtokst med småkallen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *