Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Ikkje gammal nok til å gå naken

I åra like etter den første verdenskrigen var det vanskeleg for folk på mange vis. «Aftenposten» i Oslo samla då inn pengar og klær og sende nordover til fordeling mellom dei som trengte det mest. Ein del av dette kom også til Torsken og blei delt ut av provianteringsrådet.

Han Gammal-Eilert, som var nesten hundre år, fekk ein slump pengar, men ikkje klær, og det var sonen hans svært misnøgd med og ville vite kva det kom av.

«Vi meinte at far din no var så gammal at han ikkje trengte så mykje klea heretter», sa formannen i provianteringsrådet.

«Eg skal sei deg ein ting, Martin. Han far han er enno ikkje så gammal at han kan gå naken!» svarte sonen.
(Sevald Solbjør)


I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *