Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Ikkje rare greiene…

Syn-for-gudar-side-00110
Illustrert av Herbjørn Skogstad.

Kong Oscar II var på vitjing i Nordfjord og tok inn på hotellet i Stryn, der han vart motteken på beste måte av ordførar og formannskap, som i dette høvet hadde konene med, dei som hadde slike.

Då kongen kom, var formannskapet oppstilt for å ta imot han. Konene stod i ein flokk i bakgrunnen. Kongen helsa i handa på alle karane, men då han kom til den siste, kom kona til denne bort og ville helse på kongen også, stikk i strid med avtale og skikk og bruk.

Kongen spurde då:

– Er Dette hans hustru?
– Ja, svara mannen brydd, og som Dykkar majestet ser, so er det ikkje rare greiene.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *