Internt referansenummer: 02.02.2022 – B
Kilde: «Slik var hverdagen»
Arbeidsfolk forteller frå husmannskår, anleggstid og kriseår.
Redigert av: Hallgrim Høydal, Kari Moen og Jostein Nerbøvik
Notodden historielag
NKS-Forlaget
Oslo 1988
ISBN 82-508-0499-6

Forteljar av denne historien er Sigurd Olsen

 

Ikkje rare levemåten

«Mann med tresko» Et illustrasjonsbilde.

Me va ikkje så gamle nokkon ta konn før me måtte ut på gjeting. Klæe va dæ reint ille mæ. Mor stelde å lappa dæ som va, å ho spann å vóv, men dæ va sjelden me fekk nokko nytt. Sko ha me ikkje, berre tresko. Mine fyste par tresko fekk eg når eg va atten år. Eg hugsar mæ eg va ute å gjette, å kjyn skjende, sprang eg i tresko så blodet rann ta åklun. Ja, dæ va fælt. Om veten gjekk eg i huskofitlar som eg lågå ta hyklan (nedste delen av kubeina) på kuskinn. Sokkar ha eg ikkje, men veiva rondt nokko boss. Fitlan va gode å varme. Eg va ikkje gamle karen når eg måtte gjera slike sjøl.

Når eg va på dæ åttande året, døde far. Dæ blei ei hard ti utivi. Dæ va inga hjølp å få fe mor, så ho streva å sleit, tok på seg spinning ta garn te hælnings (halvparten). Ja, ho fekk ikkje hælningen, men trøåparten. Fyst i dei seinare åri fekk ho hælnings. Så tok ho imot slike som bygdi sette ut — gamle folk, som ho fekk litt pengar fe ved å gje dei mat å hus. Men dæ va ikkje rar levemåten så me måtte ut.

Eg kåm te Haugan den våren eg fylde åtte år. Eg gjette fyst sauin, men utpå såmmårn kom eg på ein stule dær eg sku gjete kjy. Stulen låg nordi Skoridalen ved Kvambekk. Eg sku ha mat å klæe, men dæ va berre elendighet. Gamle fillur va klea, å når eg va ute om dagen, fekk eg mæ meg ei hælv lefse mæ graut inni. Mjålk fekk eg ikkje, så eg drakk vatn. Dæ va fælt hoss dei fôr åt mæ ongar å fatigfolk før i tja. Den som kåm frå ein plass, blei lite akta.

Men folkja på Haugan va ikkje så værst. Når eg låg på Haugan å gjette sauin, låg eg inne på ei flatseng på golvet. Slikt som sengjir va dæ lite ta. Ein karm ette veggen mæ hælm å ein skinnfell va vanleg. På dei støre gardan va dæ nok skikkelege saker, kronesengjir, men dæ va hælm å skinnfellar dær au.

 

Om forteljaren Sigurd Olsen

Sigurd Olsen heiter denne forteljaren. Han blei fødd i 1867 i Åmotsdal, ei bygd i Seljord kommune. Intervjuet er gjort i 1956 på Notodden, der Sigurd Olsen slo seg ned etter å ha vore innom ulike arbeidsplassar. Me høyrer om gjeting, onnearbeid, føring og Amerikaferder, «eksisen», åra på Skrivargarden i Sauland og hjå gammallensmannen på Mosebø. Til sist vart det arbeid på Salpeterfabrikken og i Misjonshuset.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.