Internt referansenummer: 27.03.2009 – A
Kilde:
SOGNE-STUBBAR
Ragnar Kvamme
Teikningar av Odd Børretzen
EGET FORLAG
OSLO 1962
”Til minne om mor og far som båe sette stor pris på ei god soge.”
Klikk her for å lese ”Forord”

Ikkje til deg og far din

Då kronprins Olav var nygift, drog han og kronprinsesse Märtha landet rundt.

På denne ferda kom dei og til Sogn.

Overalt kor dette folkekjære kronprinsparet for fram, var det mange som søkte å få eit glimt av dei nygifte. Dei kom i prat med ei mengd folk.

Kronprinsen hadde høyrt – eller fekk høyra – at i Sogn sa dei du til alle. Dette ville han få prov for.

Under opphaldet i midtre-Sogn spurde han difor ein mann:

«Er det sant at her i Sogn sier en du til alle mennesker?»
«Ja,» svara mannen, «men me seier ikkje du til deg og far din.»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *