Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Ilåt – ilåtpørsj

Frå gammalt bruka dei å gjera rein sauvomma til å koka blodpølsa i. Dei tykkte pølsa (pørsja) vart betre da. Dette kom av at feittet ikkje rann ut så lett som av ein typose, og pølsa heldt seg også lenger i vomma. Desse pølsere kunne dei lagra langt utetter vinteren. Dei reingjorte sauvommene kall dei: Ilåt og pølsa vart kalla Ilåtpørsj.

Ein har også ei anna nemning som serleg vart bruka om folk som syta og sutra og bar seg for alt. Dei vart kalla: Ilåt. Ho der ska me rett få vårrå nå te ilåt. Det siste vart sagt om ei kjerring som berre syta og bar seg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *