Kilde
Søgnir frå Hallingdal 3. utgåva
Utgjevne av J. E. Nielsen
Det Norske Samlaget
Oslo 1968
Utgitt første gang i 1868

Imse søgnir

Bukken i Neskyrkjunn

De hadde vore messe ain sundag i Neskyrkjunn, å klukkaren hadde vore haime att hjå se sjøl ait noko bil, då alt va tågjort i kyrkjunn. Då de vart myrkt, kom han i sinne te vilja gå te preste å svalle ve han um noko. No havde de so, at han gikk fram um kyrkja, å då fekk han hoyre slik ain ovstuk inni kyrkjunn me trokking å tramping å skrik å svål, so de va ljøtt te hoyre.

Han tok då te nøggje, å svinta se de likast han va menne te fyr å nå åt prestgarde å få svalle ve presten, um de han hadde hoyrt då han for fram me kyrkja.

Presten vart då pjåhuga ette å royne kå de va, som bala kyrkjunn då um kvelden. Han å klukkaren toko då me se ljøs å lykt, å smurde te åt kyrkjunn.

Då dai nådde dit, hoyrde dai sama læte, som klukkaren fyrr hadde sagt te preste. Dai toko no te bevre å skjølve bå'e två, å presten sa'e te klukkare at han skulde læse upp kyrkja, å dette måtte han våge se te, endå han va lite huga.

Som dai komo inn i kyrkja, føngo dai sjå ain ovstor gjaitebukk me ait ragg so langt, at de låg i gåru ette hono, å som sto på altare, å helt slik rem å læte, at dai vorto endå ræddare en fyrr, tå di dai mainte no, at ain dævel synte se i ait slikt liknils fyr dai.

Men fyr no å åthuga de bere, um de va solaise, sa'e presten te klukkare, at dai vilde endefeta detta, å so hækte dai se framette golve so stilt å eva se på, um dai skulde våge se framåt altarskørenn ell inkl. Å som dai då voro komen so nær åt altare som mogele, hoppa bukken ne tå di å kom imot desse karo, å rais so upp på bakføtadn å sette framføtadn ne på altarsgrindadn. Der sto han å spronte på dai, so de tindre or augo hass. Å no sto'o desse karadn alle tryå å voro forskræmd å forgrunig på korare.

Men teslutte sa'e presten te klukkare, at han skulde ta Ijose ut or lyktenn å halde de burtåt dessa bukkeliknilse, å solaise få åthuga, um dette va no bukk, som dai totte, ell de va ain dævel, som viste se solaise.

Klukkaren gjorde som de va sagt hono, han staig fram å rak Ijose te åt nøse på bukki; men me di sama sette bukken te å skyrpte kvast uti nøse, å bles derme ut Ijøse.

No skvette klukkaren se illhervele snøgt attende å kom baint på presten, han rai derme vi'open åt golve, å klukkaren baint nepå han atte, å bukken te laups på songhushurde, som hadde vore gloymd å inki attåtleten, å ut igjøno ain grøtt på desse å so ut på kyrkjegarden me skyrping å læte.

Som då alt dette va oversta'e, å dai karadn hadde fått kome se att lite ette desse gryski, tok presten te å åtvara klukkare um, at dai alder måtte ende te nokon, koss de hadde gingi dai, for då vorte de berre uroroe imyljo ålmuga tå di.

Men nokon stund derette va klukkaren i ait gjestebo å vart kan hende lite drukkin, å då kom han te å steppe dette or se.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *