Kilde
Søgnir frå Hallingdal 3. utgåva
Utgjevne av J. E. Nielsen
Det Norske Samlaget
Oslo 1968
Utgitt første gang i 1868

Imse søgnir

Hallingen å skriveren

Ain gamal halling hadde stødt å jamt imse dukument å få ihopsett hjå skrivare. So høvde de då ai gong, at skrivaren hadde skrivi åt hono ait dukument, men som inki kunna tinglesast på di tingi som de va skrivi, anna mannen fekk de me se haimatt den gongi.

Ve ait ting se'a kom mannen å vilde få tinglesa dukumente sitt, å gikk då te sjølve skrivare me di. Denne va ain myki hastig mann, å totte væl, at hallingen brydde for ofto me dukumento sine. Han sa'e då te hallingi:

”Kå e de for noko rakl, du fere me atte, Torkjell.”

Mannen svara endefram:

”Å ja, e de rakt, so e de ditt aigi raki, du har sjøl skrivi de.”

Skrivaren rau'na, gat inki, men tok imot dukumente.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *