Kilde
Søgnir frå Hallingdal 3. utgåva
Utgjevne av J. E. Nielsen
Det Norske Samlaget
Oslo 1968
Utgitt første gang i 1868

Imse søgnir

Sita i jolestugunn

De ha vore ai gamal tru, at karmenna, som boro vetsmuni um å få grai'e på kå kønu dai skulde få, kunna få fyribø um detta, ve å sile i jolestugunn. Dai teskipa se då på slik gjerd:

Um joleftasdagen måtte den, som vilde sita i jolestugunn, vera i alt myrkt ainsløngt hus, som korki bal vats ell verme i, å me attfyrknytte augu. Når de lai so langt fram te efta'e, at husly'en hadde siti tebess are varpe, so gikk ain te hono, å han vart då innrekin i stugu, å de vart loyst frå augo hass. I stugunn va de teflitt me ait ljøs, ai ølskål, ai mjølkeskål å ai vatsskål på borde. Å so moandes aisemall sessa sitaren se ne i hæksæte, å ve de tok han so te ords:

«E set me ne i tremens nabn, fyr han ska syne me mi tekomandes kønu fram.»

Når de so lai um ait bil, tok de fyst te å knaka å kneste ljøtt i kallfatingo på stugunn, ette di tok haile huse te rugge, å de glisnast i kort ainaste veggjemote, so at han såg ut imyljo stokko i alle umkvorvo, å trast sto ho, som kønu skulde bi, melungis på golve. Derette kom ho fjøkand illsnøgt te borde å traiv ængor tå skålo å drakk tå; men detta gikk so snogt som ain blunka på augo, å me di sama kvarv ho att radt fyr hono, som der sat.

Drakk ho tå ølskålenn, vorto dai grepa folk; tok ho te mjølkeskålenn, vorto dai so melungs folk, men tok ho vatsskåle, so rauk de te fantars me dai vono snøggare.

Høvde de so, at kønuliknilse hadde lang veg å fara, so kom ho so, at svaiten tilla or håre på henne, å råkte de stundo so te, at ho sto å lauga se, so kom ho farand me ne'hengjandes teglo, so at endå vatne draup tå di. Ho måtte på laupe slik som ho gikk å sto.

Sjølve gjenta, som liknilse synte se tå, viste inki noko tå desse, anna ell ho kjende se noko huskjen den kvelden, som ain solaise sat fyr henne i jolestugunn.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *