Kilde
Søgnir frå Hallingdal 3. utgåva
Utgjevne av J. E. Nielsen
Det Norske Samlaget
Oslo 1968
Utgitt første gang i 1868

Imse søgnir

Um Birgit, syste hass Blank-Ola

Han Blank-Ola , far åt alle Villands-kjempo , hadde al syste som aitte Birgit. Ho sat på støle ain samar som are kjeringa, å de va på ain støl upp ifrå Ustedale , som aite Hafsdalen. Då de lal noko på sumaren, kom de te henne tvær fentu å bo'o ette mat.

Ho ga dai mat me både go å nok, so dai kunna vore væl nøgd me di; men då dai hadde ete, toko dai te fala ette ait å anna inni bu'enn hjå henne, snart ette rjume å rjumegraut å so elle smør og ost; å so heldost dai. Ho naika då, kjeringi, å sa'e, de få noygje dikka me mate, de føngo no. De står 'ki rå te fara for fust fram fyr den, som ska fyrisita, å giva te alle, som gå.

So vorto fentudn ill, å de va jamt lage åt fantefylgjo, at dai gjorde både lokka å truga se fram, då dai råkte nokon, dai trudde se me, å de va då mest kjeringadn, som voro aisemal på støle, som vorto mest ute fyr slike.

Den aine fenta vilde då te bruke skræmu, hona, å sa'e de:

«Få me 'ki de me vilja, so ska du få uhivil på krytire dine.»

«Ja de gi e ain go dag,» tenkte ho Birgit, «de kunna nok koma te gå skodn tå dikka, dersom de vilja skræme me.»

Ho sto då å rorde på ain primsodning, å fenta vart ståand mulland me dessan trugsmåle sine; men rett som de va, vart ho Birgit sinna, å derme fata ho upp primstaven å draiv te fentunn, so kokandes prime skvatt både over andlete å ne me halse å allestane. Me di sama ho slo, sa'e ho de:

«Han misse 'ki, som fyst fær.»

Fentudn la'e då te dynns me ai å skrik, å ho Birgit fylgde fot å hæle me, å smurde på me primstave. Men då ho kom ut på vøilen, fekk ho sjå tryå lange fanta raiste se upp ne'a stolen. Då fantadn raiste se upp, kvakk ho fælt, for ho hadde maint, at fentudn voro aisemal hona, å ho bussegikk då haltupp dai, men stå alt baske-tak me so mange, de hadde væl vorte for myki.

Ho va då so snøggtenkt, at ho la'e innatt i bu'e ette al ladd byrse, å tok sikte på fantadn, å dai torde då 'ki anna dai toko laupe, de dai orka. Ho skvat då ette dai, å då ho hadde skote or la'e, roete ho upp nøbne på tryå kara, som ho retst som voro burti skogi, å sa'e de:

«De må koma haimatt no, de e ait jalkarlag her, som vilja taka tå me de e har.»

De drog då, som de hadde vore brennt i endo, detta fantelage, for dai tenkte væl som so, at de e best å høkle, me sole skin, å fær ho no me se dessa tryå karadn me, so kjem ho no te taka klå'en tå uss då.

Me dessa va ho då skild ve dai, men um notte då torde ho 'ki anna ho låg me si iadde byrse i sængenn å hadde ain kokandes briskjeløgkitill på paise, for ho tvelte, dai kunna koma attende då å brjøte se inn å aldailes tyne hona å oy'eleggje de ho hadde. Ho hadde då vilja passa på å givi dai ai skvette tå dai kokandes briskjeløgi baint i andlete, me di sama dai hadde kome inn. De va go fagning ho hadde æsla dai langfremande sine ho Birgit, men derme komo dai inki te koma att å noyte den gåningi, for de va væl so, dai totte 'ki dai vilde ha mair me henne å gjera, å ho gjorde då 'ki korki såg ell hoyrde mair te dai se'a.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *