Kilde
Søgnir frå Hallingdal 3. utgåva
Utgjevne av J. E. Nielsen
Det Norske Samlaget
Oslo 1968
Utgitt første gang i 1868

Imse søgnir

Um Store-Hallvord

Han aitte Hallvord Gunnarsson å va frå Raintoreppe i Ål. Han va høg å brai'vøksin å ha vore den sterkaste karen i sidste manneminne. Ai gong, me'a han sat på ain krakk, hadde ain gut lura se te å streka på kor le åt hono, å då dai mælte sera, fannst de, at braidde i sæte hass va ai ale. Skolaisten hass e enno te å e sex tuma brai, so han hadde gilde ilka me. Men nau'liten skalle hadde han.

Han va golyndt å noko fåfaren, å de ha inki vore spurt, at han nokonsinne gjorde noko lift me dai store avle sino, endå um han vad ørt stundo.

Då han va åtjan år gamal, vart han gardist å va i Danmark i tolv år, me'a Kristian den sjaunde va kunge. Ette han va komen haim atte tente han ai stund på Villand hjå hono Mette-Elling. Han va på legd på sine gamle døgo å doyde 85 år gamal.

Ai gong mynstra kung Kristian den sjaunde sjøl de selandske rytri-regimente, å ve de sto han Hallvord tekverva me'a han va gardist. Han va då floymann ve regimente. Då mynstringi va te endes, skulde kor kar i senn rire fram fyrl kungen å rope med full strupe, kå landslut han va or.

Kungen sat då ve ait bord som kajlast mynstringsborde, å han va påhatt fulle jeneralspløgg, snuthatt på skalla å frunsa på eklo.

Hallvord, floymannen, rai då fyst te i småduft å då han kom fram um kungen, skraik han so illhervele sterkt «Norsk mann», at kungen kvakk ve, å snuthatten gauv tå kungsskalla å te ne på borde.

Han sa'e då:

«Te va ta en kyselig 'tæmme tu udstøtte min sønn.»

«Då e rai fram um,» so fortalde han Hallvord detta se'a, «so ropte e so hogt «Norsk mann», at e skraik hatten tå huvu'e åt kungi. Kungen,» sa'e han, «sat der blaik som ain nau'arkiliing, å de va vesalt mål i hono, han kvain som ai tite.»

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *