Internt referansenummer: 02.02.2022 – B
Kilde: «Slik var hverdagen»
Arbeidsfolk forteller frå husmannskår, anleggstid og kriseår.
Redigert av: Hallgrim Høydal, Kari Moen og Jostein Nerbøvik
Notodden historielag
NKS-Forlaget
Oslo 1988
ISBN 82-508-0499-6

Forteljar av denne historien er Sigurd Olsen

 

Ingen skule fe meg

Eg va på Haugan et par års ti. Så kåm eg te VåIhøvd, ein liten jordveg. Dei sku skaffe meg klæe å halde meg på skule. Men dæ blei ingen skule fe meg. Eg måtte drågå å høggje ved så eg kåm ikkje på nokkon skule. Dæ va ingen omgangsskule, men fast skule som heldt te i uppistugo på Øvre Groven. I dæ rommet fauk sjoen inn så dæ låg strimur bortivi golvet. Læraren låg full i ei seng, å me skuleongar sloss så dæ va ikkje ei heil bok att!

Nå va dæ ikkje så mange bøkan me ha. Dæ va testamente, bibelhistorie, ABC, ei tavle mæ græffel. Skuletia sku vera tri vikur om veten, men dæ blei ingen skule fe meg. Eg lærte ingenting, å mor meinte dæ va fe ille at eg sku vera dær så ho tok meg ut. Eg va tolv år når eg kåm te Vålhøvd, men dæ va ikkje lang tia eg va dær. Nå kåm eg te Nikuls Trae, dær eg blei te eg sku konfirmeras. Eg gjette kjy om såmmårn, dróg å høgg ved om veten. Elles gjorde eg forskjelligt arbei på garden.

Siste året eg va på Trae, sku eg konfirmeras. Eg ha fylt fjorten år, men va fe ong likevæl. Præsten hette Barth, å han kom frå Seljord. Han les mæ konn heile såmmårn. Når eg sku innskrivas, sa han at eg va fe ong. Han ha ikkje lov te å konfirmere meg. Men så spurde han om far levde, å te dæ svårå eg nei. — «Stakkars gutt!» sa han. Jau, så blei eg innskriven. Fyste dagen fekk alle utlevera ei skrivebok, å me sku skrive ei lang lekse. Eg skreiv å levera heftet te han. Han les, å så snudde han heftet mot dei andre å sa: «Slik skal dere skrive. Og du kan gjerne skrive til Kongen, så fint er det.» Å all mi skulegong æ berre fjorten dågår.

Så kåm da konfirmasjonsdagen. Eg sku ha klæe, men dæ va ikkje rart dæ eg fekk. Kjæringa tok et gåmmålt tjeld, farga dæ å lågå te ei bukse. Sko fekk eg ikkje, men fekk låne et par ta kjæringa på Trae.

Men eg må fortøljå frå dei andre plassan eg ha vore på. Ein stad va dæ ingjen sengjeplass fe meg, men eg sku få liggje attmæ gamlingen, som va nitti år. Han tygde tobakk å sputta på veggjen attmæ dær eg sku liggje. Dæ blei aller vaska, så dæ va heilt bront dær han ha sputta.

Elles va dæ bra dær når ein tenkjer på den tia som va. Eg leid fe såvidt inga naud — utanom at eg blei dengd — men dæ va mykje å gjera fe ein gutongje.

 

Om forteljaren Sigurd Olsen

Sigurd Olsen heiter denne forteljaren. Han blei fødd i 1867 i Åmotsdal, ei bygd i Seljord kommune. Intervjuet er gjort i 1956 på Notodden, der Sigurd Olsen slo seg ned etter å ha vore innom ulike arbeidsplassar. Me høyrer om gjeting, onnearbeid, føring og Amerikaferder, «eksisen», åra på Skrivargarden i Sauland og hjå gammallensmannen på Mosebø. Til sist vart det arbeid på Salpeterfabrikken og i Misjonshuset.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *