Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Innearbeid og stell

Borkebrød og matnaud

Bildet er et illustrasjonsbilde.

Todne Johanne Torkelsdotter Stausland (1799-1871) hadde ete brød som var blanda med skal og bork.
– ”God velsign døkke, bonn! Kjøss maden nå’ døkke tar ‘an opp a golve!” sa ho til borni då ho var gamall.
(Josefine Nilsdtr. Kleppland)

Hans Person på Lunde (1813-1883) hadde mange born og sat hardt i det då dei var små. Han hadde hesten og ei einaste ku det fyrste han tok ved garden.

Ein haust hadde dei ikkje matbiten i huset; so laut han til kverni med ein bergje-pose ein morgon på fastande hjarta. Då han kom frå kverni i Tvoråna, gjekk han inn til Hans me’ sava. Då tok Hanses-Inger ein halv flatbrødsleiv, og smurde med vatsvelling og gav han. So stod venteleg hella heime ferdig til han kom att, so dei fekk baka nokre leivar i ei snøggvending til å stilla svolten på dei som heime var.
(Bolette Hansdtr. Lunde f. 1842)

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *