Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Innearbeid og stell

Brød og baking

Dersom leiven kjem utanfor kanten av hella, kjem det svolte folk til husar.
(Inger Tjomsland)

Dersom den siste leiven vert stor, fær dei nøgdi av mat.
(Jens Tønneson Lunde)

Her bi velstann, sa kona til Markus Ålo, den siste leiven vart so stor.
(Gustav Skarpeid)

Dersom ein smyr seg ein ny bite fyrr den ein hev er uppeten, kjem det svoltne folk til gards.
(Gustav Skarpeid)

Ein skal ikkje leggja ei kaka på rundsida (med nedsida upp), for då kvelver eit skip i sjøen.

*     *     *

Det var mange som laut bera rugen på ryggen heim frå byen. Dei nemner fleire kvinnfolk som bar halvtunna. Det hadde millom andre desse kjerringane gjort:
Hendrikka Eriksdotter Serge (f. 1819),
Stina Andersdotter Kimestad (f. 1817), og
Goneld, kona til Torkel me’ Hermannsbekken (1801-1878).

Dei brukte byrdetog lagt av ullgarn, det var flatt so det ikkje skulde klemma akslene for hardt.
(Gurine Kimestad)

Rugbrødet var høgtidsmat. Dei baka gjerne rugkakor til jol. Dei la ei av dei til side i eit kornkjer so ho ikkje skulde turka. Den braut dei i molar i søt mjolk til fastelag.
(Ånon Larson Kleppeland f. 1844)

Til kvardags brukte dei jamnast kavringar av bygg og havre ikring midten av 1800-åri.
(Josefine Nilsdtr. Kleppland)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *