Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Innearbeid og stell

Hår og negler

Når Inger, kona til Tønnes Jensson Lunde, hadde vaska og kjembt seg, tok ho alltid håri upp av vaskevatnet og kasta dei i elden fyrr ho slo vatnet ut.
(Jens Tønneson Lunde)

Hår og avskorne negler må ein kasta på elden, elles kjem trollkjerringi og lagar finnball av det.
(Baren Beinsdtr. Lunde)

Negler og hår som er skore torsdag eller sundag, tek underjordsfolket og lagar finnball av det.
(Bolette Hansdtr. Lunde f. 1842)

Når ein har klipt neglene med saks, skal ein strjuke henne på handbaken etterpå. Dersom ein hev brukt kniv på neglene, skal han skjerast i tre etter neglene er skorne. (Gustav Skarpeid)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *