Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Innearbeid og stell

Kinna smør

Når dei ikkje fekk smør av kinningi, kasta dei ein tvoskilling, eller helst ein fireskilling i kinna. Det skulde hjelpa.
(Gurine Kimestad)

Dei sette alltid ein kross under botnen på kinna, og sameleis på kinnestampen.
(Gustav Skarpeid)

Når dei kinna og ikkje fekk smør, kunde det vera «aven» (ovund). Dei drap «aven» med å setja ein kniv millom bandi på kinna. Mor til forteljaren gjorde det.
(Abel Bessesdtr. Lunde f. 1844)

*     *     *

Det kunde vera ei trollkjerring som heldt handi i kinna so dei ikkje fekk smør. Dei kunde ikkje sjå henne; men når dei sette seg på kinna, vart armen hennar klemd so ho laut beda for seg, og då såg dei kven det var.

Ei kjerring på Loftsmonen kunde trolla. Det var ei kona som heldt på å kinna, men ho fekk ikkje smør. So sette ho seg på kinna. Det var kjerringi på Loftsmonen som hadde handi kinna, og ho bad for seg at ho måtte få armen laus. Då den andre kjerringi reiste seg og tok til med kinningi att, var det ikkje lenge fyrr ho fekk smør.
(Abel Nilsdtr. Stokkeland f. 1844)

Når dei hadde kinna, fekk borni kinnebede, ein flatbrødsbite noko flusare påsmurd enn vanlegt, og dessutan strauk dei ein liten klatt utanpå. Bestemor smurde sumtid kinnebede til oss.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *