Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Innearbeid og stell

Mjølk

Når dei bar mjølki frå sumarfloren, la dei jamt ein einerkvist i kolla.
(Ånon Larson Kleppland f. 1844)

Taralds-Ane på Repstad (1795-1873) var so gal på gjentone når dei bar mjølki frå sumarfloren og ikkje hadde lok yver. Dei fekk ikkje fløyte på mjølki då, sa ho.
(Torgje Repstad)

Når mjølkebytta stod på golvet og gjentone strauk uppetter henne med stakkekanten, sa dei gamle:
– ”Ikkje gå deran ò doss mjelka!”
(Torgje Repstad)

Katrine Carlsdtr. (dotter til deknen Carl Dahl og f. ca. 1769) var gift i Amfeneset. Når ho skulde «ta opp« mjølk, so gjekk ho alltid ut og såg etter kva kant vinden var. Den same vegen vinden bles, skumde ho av fløyten.
(Karen Johannesdtr. Føre f. 1825)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *