Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Innearbeid og stell

Tenna eld – eller låna

Når dei skulde laga svåvelstikkor til eldføret, smelta dei svåvelen i ei «ambosjøl» (olbogskjel), og stakk pinnane nedi. Dei sette skjeli fast på enden av ein pinne med kluft i, so dei kunde halda henne burtåt elden.
Når dei stod reint i beit for eld, måtte dei sumtid «knege nau-ell»; men det var so seinvore eit arbeid at dei gjekk heller av og lånte eld.

Knuds-Søverine på Åros (1794-1867) kom til grannen og lånte eld rett som det var.

Når det var nokon som heldt på med eitkvart arbeidet, som det ikkje såg ut til å verta nokon framgang med, so sa dei:
– ”D’e som å knege naueil.”
(Ola Jørgenson Åros 1823 – 1917)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *