Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland I
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG XVII
Oslo 1928
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese «fyreordet» (Med bilde av Torkell Mauland)

Innteken av huldrene i Sauda…

No skal du faa høyra um ein mann som vart innteken av huldrene.

Det var seint um hausten. Mannen var aaleine i skogen og hogde ved til vinteren. Det var yverskya og graatt i veret, endaa det var fint arbeids-vêr; det saag helst ut til aa koma snø.
Mannen var tidleg ute um morgonen. Best som han daa stod og hogde, fekk han høyra noko som song. Han kunde ikkje rett høyra kvar ljoden kom ifraa; difyr rette han seg upp og saag seg ikring; men han saag ingen ting. Daa tok han til aa hogga atter; han var annig av di han venta snø, og daa vart det alltid so grapse og keivt aa stræva med sovore.

Eit bil etter tok det til murla og syngja atter; men han hadde ingi tid til aa kasta burt og brydde seg ikkje, berre heldt paa aa hogga. Best som det var gleid øksi ut or neven hans og datt ned. i noko skog-snar der attmed. Med same han daa tøygde seg og vilde taka att øksi, kom det ein mann og rette neven fram, vilde helsa paa honom. Kvar mannen kom ifraa, det saag han ikkje; han vart noko daatt med og treiv etter øksi, for han tenkte det kunde vera godt aa hava staal i henderne, um gale skulde vera. So fekk han økseskaftet i handi; men øksi hadde dotte av skaftet. Daa lika mannen seg ikkje. Det var reint uraad aa finna øksi; det var som ho hadde kvorve burt og staal aatte han ikkje i lummorne heller. Framandmannen bad honom fylgja seg eit stykke, og det laut han gjera. Dei kom til ei dør; der gjekk dei inn i ei fin stova. Eit stort bord stod midt paa golvet, og der bad dei han setja seg. Snart kom dei med mat paa bordet, og so bad dei han taka fyre seg; men mannen hadde ingen mat-hug og smaka ikkje det som var framsett. Dette lika ikkje huldrefolki og tok til aa verta harme. Med same han vilde ganga fraa bordet kom det inn ei kjerring med ein øl-bolle, og bad honom drikka. Han orsaka seg og sa at han ikkje var tyrst; men det hjelpte ingen ting; daa skulde han drikka. Daa tok han ølbollen, og so sa han: «Ja skal og lyt eg drikka, so drikk eg i Jesu namn.» Daa vart det ende paa trollskapen med ein gong. Mannen visste av ingen ting fyrr han stod der som han hadde mist øksi.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.