Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Isak i Nordaasen

Han budde i Nordaasen i Gjestal; men han var komen or Bjerkreims-sokni og tala Bjerkreims-maal alle sine dagar. Han var ordhitten og kunde vera fælt skitørd, helst naar han hadde fenge litt i hovudet. Reidar i Nordaasen, den andre mannen paa garden, stod heller ikkje fast fyr ord; men kom han til aa trættast med han Isak, daa rauk han.

Desse tvo grannarne hadde ein gong sett upp kven av dei som kunde tala styggast. Dei lagde det under menner og skulde freista. Reidar skulde tala fyrst. Han gav daa or seg alt det styggaste som han visste aa nemna, og daa han ikkje visste meir, so spurde Isak:

«Er du ferdug no?»

Ja han tenkte det, sa han Reidar.

«Men alt det et eg,» sa han Isak.

Mennerne log so dei drap seg mest, og dei var ikkje i tvil um kven som sa det styggaste; det var han Isak det.

Ein gong hadde Isak ei geit som heitte Aala. Det var eit troll til aa gjera vondt, var alle stader framme baade i hus og i eng og aaker. Det var ingi raad til aa stengja fyr henne. Tidt braut ho seg inn paa garden eller i husi hans Reidar, so han fór reint vondt.

Ein dag møttest grannarne, og Reidar gav vondt fyr denne geiti; ho hadde gjort so mykje vondt, ho Aala, at det skilde mykje paa ho var so mykje verd, sa han. Og det heldt Isak med honom i; han var so reint yvergjeven at han visste slett ikkje korleis han skulde fara aat.

«Du og du kor eg lengtar etter at hausten skje koma, so eg kann faa renna kniven i henne,» sa han.

So kom hausten, og slagtingi gjekk fyre seg; men ho Aala gjekk laus endaa og gjorde vondt so tidt ho kunde koma til med det. Daa var det ein dag han Reidar raaka han Isak og spurde um ho ikkje skulde takast no, ho Aala.

«Nei men skje ho ikkje verta rikka av meg, so lengje ho kann tyggja brød,» sa han Isak.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *