Kilde
Det mørke landet
Nordnorske eventyr og segner
Av Edvard Ruud
Illustrert av Karl Erik Harr
Fonna Forlag 1980
Gjengis med spesialtillatelse av
Edvard Ruuds sønn;Tore Ruud

Isak og Utrøstkallen

Det var eingong ein mann på Værøya , Isak, som sat roren. Då han skulle snu heim vart det så ei mørk skodda at han fann ikkje land. Så kom det eit rokk — så han tenkte det var sist på «Versens tid». Best som han segla fór han forbi tre skarvar som sat på ein stokk og fiska. Skarvane skreik, og han Isak trudde det var draugen som song liksalma hans. Han bad til Gud for kona og borna sine. Så visste han ikkje av før sjøen var still og båten stod på land. Då var han på Utrøst . Der trefte han ein kali. Han bad om hus.

«Dæ ska du få,» sa kallen.
«Men såg du sønnan mine?» spurde han.
«Nei,» svarte han Isak. Han såg berre tre skarvar på ein stokk, sa han.
«Det var sønnan mine,» sa kallen. «Og når dei kjem att, ska du gå te di og få koking,» sa han. «Di e vel sint, men dæ ska du'kje bry dæg om.»

Då dei kom, gjorde han Isak som kallen sa. Åja, dei var ikkje altfor blide. Men fisken fekk han då — kor som var. Så blei han der med Utrøstkallen.

Ein dag bad han om lov til å bli i lag med sønene ut, og det fekk han. Han Isak var den første som fekk fisk. Men då han skulle ta han, var han ikkje kar til å få han laus. Han sat å reiv og sleit i onglane heile dagen. Og hadde dei ikkje vore arg på han før, gluntane, så vart dei det visst då.
isak_og_utrostkallen_0021.jpg

Illustrasjon av Karl Erik Harr

Dagen etter spør kallen igjen om han ville ha ongul som sleppte eller heldt. Nei, då ville han ha ongul som både heldt og sleppte. Den dagen vart han gjevare. Han fekk meir fisk enn sønene.

Då han hadde vore der ei tid, tok han til å stunde heim att.

«Vi lyt først gå og sjå på fesken,» sa Utrøstkallen.

Då dei kom der fisken hong, sa kallen:

«Tykst du kje det var mykje fesk?»
«Jau,» svarte han Isak, «det var ein Guds velsegna bråte.»
«Har du no velsegna fesken, så kan du pinadø ha han åg,» sa kallen.

Før han Isak fór, ga kallen han ein kniv.

«Men sej ikkje kem du har fått han av,» sa han.

Så rejste han Isak heim til Mossta, og sia på hausten drog han til Bergen. Då han var komen ut på havet, treffte han Utrøstjekta. Ho kom med fisken hans, og så får dei i lag til Bergen.

Det var mange som fekk sjå kniven hans Isak, og spurde kem som hadde gitt han den. Men han ville aldri seje det. Men så var det ein gong han var full — og då sa han:

«Når Utrøstkallen har gjett mæg han, så kan vel æg ha han Og.»

Men med det same stakk Utrøstkallen kniven i han, og så døydde han.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *