Internt referansenummer: 24.06.09 – A
Kilde:
HALLINGDAL OG HALLINGEN
Av:Anders Mehlum
Utgjeve av Mehlums vener
VILLVOLL SKRIVESTUGGU, RØYSE, RINGERIKE 1943
Webergs Boktrykkeri A.s, Oslo
(Klikk her for å lese Forordet, som omhandler Anders Mehlum (med bilder))

Isbjørnen og haugafolket

Ein mann stod ein joleftan og hogde ved. So kom det ein framankar med ein isbjørn og bad um hus for natti.

«Ja, du kan nok få hus, men eg skal segja som det er til: me er so leidt plåga av haugafolk her på garden at eg og huslyden tenkjer å reise til nokon skyldfolk i kveld», svara mannen på garden.

Mannen med isbjørnen totte det var det sama — han vilde freiste å vera over der lell. Husens folk for avgarde dei, og han vart att. Han la seg uppe på hjallen eller hemsedal, som dei segja, og isbjørnen la seg under bordet i stugun.

Dei var ikkje lide langt belet, so kom haugafolket ruslande, bar fram på bordet mange kostelege rettar og sette seg til å eta. Ein av karane tok ei stor pølse og heldt fram til isbjørnen og sa: «Kjette, vil du ha kurv?» Alle trudde at isbjørnen var ein kvit katt. Men isbjørnen vart sinna, rende på dei og jaga alle ut or stugun, so dei laut halde jol burte i haugen sin eigen.

Næste joleftan stod ogso mannen på garden ute på tunet og hogde ved. Då ropte haugafolk burte i haugen til han: «Har du den fæle kvite katta di enno?» «Ja, og no har ho fått sju ungar, som er verre enn ho sjøl», svara mannen. «Hau, då torer me ikkje koma!» sa dei.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *