Internt referansenummer: 11.03.2011 – II – BOK
Kilde:
EG MINNEST
Nils Sund
Klikk her for å lese en «minibiografi» om Nils Sund.
Nils Sunds forlag
Haugesund 1951
Nils Sund trykkeri, Haugesund
Klikk her for å lese innledningen

 

Islandsfiskje

Frå 1879 har Haugesunderane dreve fiskje på Island. Det var berre ein prøve då, men det gjekk godt. Ennå bedre i 1880. Og i 1881 fiska 102 farty for 1,100,000 kroner, men fortenesten blei det ikkje sers å skryta av. Det kosta for møkje å senda folk og farty så lang veg. Likevel blei det i 1883 send 116 farty på ialt 10,923 tons med 1,150 mann, 117,000 tønner, 58 notlag med 232 landnøter og 290 båtar. Fangsten blei berre 56,136 tønner.

Neste år gjekk det reint gale. Då var omlag 100 farty med. Sildå gjekk ikkje te lands og der låg dei og venta og venta. Den 11 september rauk det opp med orkan i Øyfjord. 12 farty blei totalt vrak og 9 kappa riggen. 51 notbåtar, 10 store nøter og ein mengde småbåtar blei øyelagde. Heile fangsten var 3,776 tønner. Dei rekna med at byen tapte 11/2 million kroner det åre og det var mange penger den tid.

Mange av dei øyelagde fartyå var trygda i ein gjensidig trygdekasse som ikkje kunne stå for støyten. Då kunne heller ikkje sparekassen som hadde lånt møkje ut te utreiing greia det. Dei fleste eller alle som var partnerar i ekspedisjonane hadde lånt penger, kausjonert for kvarandre og sett eigedom og farty i pant te bankane. Kjøpmennene som hadde seld utstyr på kredit eller aksept te ekspedisjonane, fekk ikkje betaling, men krav frå bankane om å innfri tratta’ne sjøl. Det blei konkurs på konkurs. Den eine drog den andre med seg.

Te dette kom at skipsfraktene gjekk ner. Mange store forretningsmenn gjekk øve styr. Alt var svart.

Bankane tok eigedomar te brukeleg pant og selde i panikk for ein slikk og ingenting, berre dei kunne få sitt.

Innskyterane gjekk på Haugesunds Sparebank og ville ha pengene sine ut. Banken sto seg godt, men det ska noke te å ha reie penger nok når det blir run og pengene er lånte ut.

Banken måtte be kommunen om hjelp te å ri stormen av. Det blei gjort avtale med Bergens Privatbank om at Sparebanken sku få låna opp te 400 tusen kroner mot kommunal trygd. Med det var banken sikra og innskyterane slo seg te ro. Eg trur ikkje eg gjer noken urett når eg seier at prost Kielland hadde største æra av at dette blei ordna. Og te all lukka kom dei rike feitsild-årå så banken slapp å låna.

Men låke tider blei det framøve og pengene var dyre. Bankane betalte 5% på innskot og då blei det høge lånerenter. Når pengene er dyre kvir folk seg for å byggja og bøta og det var så gale at byggmeistrar gjekk rundt og baud seg te å gjera vølingsarbei for 1 krona dagen. Og for fysste gong måtte kommunen setja i gang nødsarbei. Det var då det blei skote opning for Haraldsgatå gjenom Kolbeinshaugen.

Men det er som dei seier: nattå er svartaste på måråns-parten. Det var von om at vårsildå held på å koma att.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *