Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Isterbukku

Dette namnet peikar på noko dei i gammal tid bruka til smurning i vaffeljarnet og på hylla når dei steikte «hyllkaku».

Vanlegvis var isterbukku av gris. Dei tok feittet som dei plukka av gristarmane, la det inni eit stykke av nekkja og klemte det ihop til ein ball. Det vart salta på lite grann, men det måtte ikkje vera mykje salt for da ville det berre fresa i jarnet og på hylla. Kvar haust vart det laga så mykje isterbukku at dei skulle ha nok i året som kom. Sjøl om det var best å ha av gris, var det mange som også tok av sau. Dei hadde kanskje ingen gris å slakta den hausten og berga seg som best dei kunne. Feittet av sautarmane vart klemt ihop på same viset som av gris og lagt inni eit stykke saunekkje.

Og aldri har vaffelkaka vore så god og fin som den tida dei bruka isterbukku til smurning i jarnet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *