Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om den gongen eg snakka med Guri Grøv

Torstein Ellingbø lærer felespel av

haugabonden i Stabburshaug


Hjå gamle Guri Grøv (f. 24. oktober 1843)


Denne Torstein Ellingbø, som eg nett har tala um, var komen tå Brekke i Nedre Dale i Øye. Far hans heitte endå Trond Jonsen (f. 1734), og mori var Guri Ivarsdotter tå Tune. Han Torstein var meisterspelemann. Alle stader der det var hævefolk som heldt brudlaup, laut dei ha han Torstein Brekke te spelemann. Å ja — å jeie, kor mykje pengar han tente i mangt eit brudlaup! I ungdomen farta han mest alltid i kring med fela. Han var soleis mykje både i Årdal og Hallingdal og let. — Kven han lærde å spela av? spør du. Jau, det kann du skilleg spyrja um! Det gjekk rart te det, gut!

Like ved husi på Brekke er det ein stor haug dei kallar Stabburshaugen. Den haugen var slik at dei på Brekke høyrde att alt dei sa, i haugen. Brekke-folket laut vera so kveldsvare, elles vart det uroleg inne i haugen.

Det budde underjordiske i denne haugen, skjøner du, og dei på Brekke stod seg godt med dei.

Ein gong kom det te honom Torstein ein kar og sa so falne ord:

«Vil du lære de te låte, ska du få lære de tå me. Men då lyte du stille strengjidn på felun dine aleise enn du hit te ha gjort.»

Kva han Torstein svara mannen, det veit eg ikkje. Men det har eg høyrt at denne mannen såg han ofte sviva av og te millom Stabburshauge og Brekke-huso. I haugen let det på fela, so fint, alle slag felelæte, både tidt og ofte. Og han Torstein høyrde og lærde og vart meisterspelemann!

Det var ikkje slikt fantri som vals og pålka han lærde. Nei, det var nauande fint springlæte og bondelæte han vart meister i.

Han Torstein var hæv kar, det! ikkje drakk han heller som mange spelemenn gjorde på den tid han levde. Attåt spelingi nærde han seg med å vera skreddar.

I ungdomen var han mykje hjå bror sin, Jon Trondsen Brekke. Men denne likte ikkje at han Torstein gjekk i kring med fela.

Torstein vart ikring 1830 gift med enkja Dordi Endresdotter (Høle, som hadde Ellingbø med fyrste mannen sin). Dei fekk berre eitt barn, dotteri Guri, som i 1865 vart g. m. Gudmund Jonson Remme.

Då Torstein var vorten gift, heldt han seg meir heime og dreiv garden so godt at han vart «den rike bonde».

Torstein var vanleg stor, snild og blidtalande, med ein lang, krokut nase. Han døydde på Ellingbo som livaursmann, og var då over 80 år gamal. Men spelet han hadde lært tå haugabonden på Brekke, gløymde han ikkje. Å jeie, ja, han likte felelæte te han vart ein gamal mann. Det var ikkje hans meister i Vang te å vera spelemann den tid han var på det beste!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *