Internt referansenummer: B-28.06.2013
Kilde:
LENSMENNER I ROGALAND
Av: Torkell Mauland
IV JÆREN
PRENTA I STAVANGER AFTENBLAD
1926

 

Ivar Sveinsson Oftedahl (Lensmenner i Rogaland)

(GOA SKIPREIDA)

Ivar Sveinsson Oftedahl var lensmann 1811-1842.

På Øvre Oltedal, høgt uppe i Gjestal-sokni, budde i 1700-talet ein gamall patriark. Det var bonden Svein Ivarsson, som var eigar av eit bruk i øvre Oltedal med skyld 1 bismarpund smør eller 8 spann korn. Denne mannen var gift tvo gonger og hadde med båe konorne i alt 19 born. Ivar Sveinsson var eldste sonen med andre kona og var, soleis som hans eigne folk hev sagt og trutt, fødd kyndelsmesse-dagen (2. februar) 1778. Her er i minsto årstalet gale; for kyrkjebøkerne kann segja oss at han vart døypt i Høle kyrkja fastelag-sundag (d. e. 6. februar) 1780. Faren Svein Ivarsson Oltedal var døypt 21. juli 1727 og døydde 1818. Mori heitte Ragnhild Larsdotter, f. på øvre Oltedal, dp. 29. september 1757, d. 1818. — Øvre Oltedal ligg so høgt uppe at dalen tek til å halla ned til Høgsfjord. Garden høyrde liksom største-parten av Gjestal-sokn, til Høle skipreida  alt til 1633, og vart då rekna til Ryfylke; men han var i ymse måtar liksom ein midtstad fyr Gjestal-kulturen. Ein nær skylding til Ivar Oftedahl var presten Lars Oftedahl som var Eids-volls-mann 1814, og frå same bruket, i minsto same garden, hev det gjenge ut ymse menner som hev vorte kjende både vidt og breidt.

Ivar Oftedahl (soleis skreiv dei gardisnamnet den tid) kom tidleg ut frå farshuset. Ikring 1800 tente han nokre år hjå Kielland på Ledål og vart ein velvyrd tenar. Nokre år seinare kom han til Sandnes og vart styrar av «det gamle tiglverket».

Ikring 1808 vart han eigar av «Bispe-Ladegård». 30. august 1811 søkte han um å verta lensmann, og i september s. å. vart han sett til lensmann i Goa skipreida (skreiv under lensmannseiden 14. september 1811). Då dei heldt val på Elidsvolls-menner 24. mars 1814, var han ein av valmennerne frå Vår Frue sokn i Stavanger prestegjeld. Det same var han 17. september 1814 då dei valde stortingsmenner, og 18. mars 1815. På dette siste valet vart han fyrste varamann og var med på det fyrste vanlege storting 1815-1816 i staden fyr Nils Bru som vart vraka av stortinget. Sameleis var han valmann 1817, 1820, 1823 (då vart han fyrste varamann), 1826, 1829 og 1832.

Vegmeister katptein Klow hadde klaga at lensmann Ivar Oftedahl ikkje såg etter vegen som han skulde. Tvertum hadde han sine eigne krøter gangande lause på vegen, og gjorde ingen ting um andre og slepte sine krøter lause.

Amtmannen sende denne klaga til departementet 30. juni 1818 og skreiv då m. a. at ein ikkje kunde negta at Oftedahl hadde vore likesæl. Han hadde sett seg upp imot vegstyret, og etter han kom heim att frå stortinget, hadde det set ut som han meinte at ein resolusjon frå statsbaldarskapet som han i grunnen sjølv hadde drege yver seg, ikkje kom honom ved, og heller ikkje dei andre som budde på Kannik og i Hilevåg. Uppsynet med vegen vart til stort bry for honom; han hadde for mykje anna å gjera. Det beste, meinte amtmannen, vilde vera um dei kunde få ein sers dreng til å sjå etter vegen. Denne drengen laut då vegkassa løna, men lensmannen laut halda han kosten fyr den hjelpi som han kunde hava av honom i millomstunderne. At lensmannen sjølv skul de halda løn, vilde vera å leggja for stor byrd på honom berre av di at han var so uheppen å bu på La’gård. Etter pålegg frå veg-departementet vart skrivar Nansen i brev frå amtmannen 8. oktober 1818 beden um halda forhøyr yver Oftedahl. 29. april 1819 kom brev frå justisdepartementet, at lensmann Oftedahl skulde verta tiltala fyr politi-rett.

Futen Tohrsen var politi-aktor og sende melding 29. juli 1819 um det som var gjort med saki. Ho var avgjord med forlik. Um dette skreiv amtmannen til justitsdepartementet 12. september same år. Departementet svara 30. mai 1820 at serleg vegstyret ikkje kunde vera tent med det som Oftedahl hadde teke på seg i forliket. Saki vilde verta anka inn til høgste rett, so sant ikkje Oftedahl heller ville hava ho avgjord med re¬solusjon frå departementet. 18. juni bad Oftedahl um utsetjing med svaret, og 23. juli melde han at han vilde halda seg til det forliket som var gjort.

Um hausten 1820 kom det brev frå vegstyret; dei vilde gjerne få fyrelagt høgste rett eit spursmål, um dei fråsegner som futen Tohrsen og lensmann Oftedahl hadde gjeve frå seg 8. juli 1819, og den som domaren skrivar Nansen gav ut um at saki var forlikt og skulde falla burt, skulde binda vegstyret, eller um det som var gjort, skulde haldast fyr usætande. Saki var fyre i høgste rett 1821. Der møtte advokat Petersen fyr vegstyret, og ein annan advokat fyr Oftedahl og enkja etter futen Tohrsen. Under denne striden hadde Oftedahl sagt frå seg tilsynet med vegen. Amtmannen sette ein lytnant Ely på Våland til tilsynsmann i staden. Til løn fyr oppsynet skulde han hava ein part av bøterne, dei same som var sett i resolusjonen frå stathaldaren.

16. juli 1817 var det tale um sjau i forstaden i marknadstidi. Borgarvaki kunde ikkje gripa inn der. Lensmann Oftedahl laut halda styr på dette; han skulde hava rett til å leiga ein mann eller tvo med seg.

I 1818 skriv amtmannen um misnøgje med Oftedahl; han hadde fare gale åt med ei restlista som han skulde krevja inn fyr klokkar Kirsebom.

I 1826 skulde han og krevja inn rest fyr klokkar Kirsebom. I rekneskapen hadde lensmannen drege frå pengar som han skulde hava fyr tinglysing av 2 obligasjonar, og so var det att berre 3 skilling. Klokkaren var ikkje nøgd med dette. Amtmannen skreiv 2. mars 1827 at lensmannen fyr denne ringe ting visst ikkje vilde lata det koma til sak, og han rådde til at klokkaren skulde få 15 spann havre. Seinare kunde lensmannen alltid på annan måte få pengar fyr den tinglesingi. Sidan det same året minte amtmannen um at dette laut greidast innan 14 dagar; for klokkaren hadde klaga ein gong til.

Joletider 1818 hadde Oftedahl sumt å gjera som kurator i buet etter presten Børge Petersen.

I 1826 hadde Oftedahl fenge gjort 70 bodstikker. Fyr det fekk han eit års tid etter tilvist 30 spd. 40 skilling.

I 1821 var det forhøyr um ei bodstikka som Oftedahl hadde sendt ut, men som ikkje hadde kome fram. Ho inneheldt order um eit ekstra skatteting som skulde verta halde 17. februar. På forhøyret kom det upp at bodstikka hadde vorte liggjande hjå bonden Peder Jonsson Harastad, og der fann dei ho etter lang leiting. På den måten hadde bodstikka ikkje kome til Grøteim og Rygg, og frå desse gardarne kom ingen på tinget. Ved arrets-resolusjon 13. september 1821 vart Per Harastad ilagd bot 84 sk. til fatigkassa i Randaberg, og attåt skulde han greida kostnaden med forhøyret, 4 spd. 14 sk.; vart ikkje dette utgreidt, skulde han verta tala.

Frå nyår 1816 var Oftedahl seti til postbonde i staden fyr Svein Sveinsson Våland som hadde selt garden og sagt seg ut.

I 1824 var han forsvarar fyr tvo som var tiltala.

På sine gamle dagar kjøpte han gard på Madla, og der budde han dei seiniste åri han livde. I august 1836 søkte han um at hausttingi det året fyr Goa, Jåtun og Sola Skipreidor skulde verta haldne på Madla. Amtmannen sende denne søknaden til fut og skrivar og greidde ut at lensmannen budde på Madla og hadde flutt innbuet sitt frå Lagård, og dei nye husi på Lagård var ikkje endå i det stand at han kunde taka imot tinget der. Han fekk det som han hadde søkt.

Hausttingi vart haldne på Madla 17.-19. november 1836.

Han var gift 1. med Marta Henriksdotter; ho døydde på Sandnes 1805, gravlagd 26. mai, 25 5/12 år gaman; 2. (i Høyland 15. oktober 1807) med Ingeborg Olavsdotter frå Store Vatne. — Han hadde 14 born, 1 med fyrste og 13 med siste kona. Han døydde på Madla 13. september 1842.

Banktilskot frå skipreida efter likning var 1817-18 228 spd. 50 sk., året etter 243 spd., 1820-21 243 spd. og 1821-22 239 spd.

I 1837 var det i Goa skipreida med forstaderne til Stavang 198 gardbrukarar. Fyr småferder i politiærend hadde lensmannen 6 spd. 2 ort. Dette vilde amtmannen få brigda til 10 spd.

 

Goa skipreida vart rekna 1661:

1. Søre Sunde, 4 1/2 pund korn; Håland nr. 40. Herunder Austreim (øyde), 1 vætt 5 spann korn.

2. Vistnes, 3 1/2 p. k.; Hetland nr. 57.

3. Nedre Tasta, 3 1/2 p. k.; Hetl nr. 29.

4. Sande, 3 p. k., med Øvre Sande, 3 v. k.; Hett nr. 53.

5. Viste, 6 p. 3 v. k.; Hetl. nr. 59.

6. Ytre Bø, 4 p. k.; Hetl nr. 55.

7. Øvre Tasta, 6 p. k.; Hetl nr. 28.

8. Harastad, 6 1/2 p. k.; Hetl nr. 49.

9. Reveim, 4 1/2 p. k.; Hål. nr. 39.

10. Indre Bø, 3 1/2 p. k.; Hetl nr. 54.

11. Randaberg, 3 p. k.; Hetl. nr. 51.

12. Nordre Sunde, 3 p. 1/2 v. k.; Hål. nr. 41. Herunder Skjelbreid (øyde), 1/2 v.
k.; Hål. nr. 41,5.

13. Austbø, 6 p. k.; Hett nr. 7.

14. Husabø, 6 p. k.; Hetl. nr. 6.

15. Rygg, 3 p. k.; Hetl nr. 47.

16. Lunde, 3 p. k.; Hetl nr, 1, 2 og 4.
17. Tunge, 2 p. k.; Hetl. nr. 52.

18. Todneim, 2 1/2 p. k.; Hetl nr. 50.

19. Håland, 2 p. k.; Hetl. nr. 62.

20. Skeie, 2 p. k.; Hetl nr. 5.

21. Grøteira, 1 1/2 p. k.; Hetl nr. 48. Herunder Dusavik, 1 v. k.; Hetl nr. 28,67.

22. Vestre Goa, 1 p. 1 v. 4 sp. k.; Hetl. Nr. 60.

23. Finnastad, 1 p. k.; Hetl. nr. 31.

24. Øystre Goa, 1 p. k.; Hetl nr. 61.

25. Leikvang (no Leikvoll), 1 p. 1 v. k.; Hetl nr. 63.

26. Raustein, 1/2 p. k.; Hetl. nr. 58.

27. Hoje, 1 v. k.; Hetl nr. 30.

28. Vistvik, 1 v. k.; Hetl nr. 56.

29. Madla, 8 p. k.; Hål. nr. 38.

Etternemnde gardar låg og i Goa skipreida, men er lagde i skyld seinare en 1661:

30. Bispe-Ladegård, 1 1/2 laup smør; Hetl. nr. 21.

31. Hetlands prestegard, 4 1. sm., Hetl nr. 23.

32. St. Peders Gjerde, 12 merker sm.; Stavang.

33. Bergeland, 9 mk. sm.; Stavang.

34. Kannik, 1/2 1. sm.; Stavang.

35. Hilevåg, 18 mk. sm.; Hetl nr. 22.

36. Kalvøyi med Hellesøy, 9 mk. sm.; Hetl nr. 11 og 10.

37. Lindøy, 4 mk. sm.; Hetl. nr. 9.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.