Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Ja, saka har to sider…

Det var skralt med båtruter over Sognefjorden mellom Brekke, som ligg i sørsida, – og Hyllestad, som ligg på nordsida av fjorden.

Brekke kommune arbeidde med saka, men kom ingen veg. Då var det at Ingeborg Brekke, kjend for si aktive haldning til alt som rører seg i bygda, tok eit personleg initiativ.

På eit møte med rutesjefen for Fylkesbåtane fekk ho lagt fram kor vanskeleg stoda var, og kor mykje betre det ville bli med betre samband.

Rutesjefen hadde mange innvendingar og ville ikkje love noka betring. Han heldt fram kva vanskar Fylkesbåtane ville få, og sa at saka hadde to sider.

Ja, svara Ingeborg, denne saka har to sider: sørsida og nordsida!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *