Internt referansenummer: 07.11.09 – A

Kilde:
GJEMNES-MINNE 2008

Jakob Stokke, Gripeværingen som vart nybrottsmann på Bergsøya

Av Nils Tore Leivdal

Foreldra til Jakob var Tore Edvard Olson Stokke frå  bruket Rætå på Storlandet f. 1870 og Ingeorg Jonette Jakobsdotter Grip f. 1874. Dei budde først i heimen hennar, før dei i 1911 kjøpte stua «Anytun» Dei hadde berre sonen Jakob,men dei var fosterforeldre for fleire barn på Grip. Jakob var fiskar på Grip. I 1930 fekk han seg eigen båt, 27 fotingen «Lyn» med 8 hestars Glimtmotor.

Jakob hadde nok ein draum om å koma seg på fastlandet å få seg gard. I 1936 fekk han kjøpe ein parsell til nyjordsbruk på Bergsøya. Han hadde foreldra sine med seg. Først måtte dei bu i  Trøa, så i Myra hjå Bård Halset, så i huset til Ola Buse og til sist i ungdomshuset, før dei fekk flytte inn i eigen heim. Første året braut Jakob opp 5 mål, sidan  vart det 2 -3 mål nytt åkerland for året. Før han gav seg ,hadde han nyrydda 35 mål. Hest fekk han først i 1955 og traktor i 1963.

Først hadde Jakob vore gift med Inga Olufsdotter Havnen . I 1944 gifte han seg på nytt med Anna Moheim frå Sandnessjøen. Ho kom til Hjelkrem som hushjelp under krigen.-

Eg minnest Jakob som ein ekte Isak Sellanrå. Han og kona hadde tydleg lært å gle seg over små ting. Nytt åkerland, ein nyfødd frisk kalv,ein godversdag,eit barnebarn på besøk,- alt var  for dei store og gode hendingar. Det var trivelege,ekte bondefolk. Dei trona ikkje høgt  på skattelistene, men var fornøgde.

Jakob_Stokke_med_stubbrytaren

Her ser du Jakob  med stubbebrytaren. Tru om han tenkte på havbåra rundt Grip, her han sleit med stein i brun åkerjord? Han døde i 1981 og Anna i 1992.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *