Internt referansenummer:B-000015
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen IV
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 83
OSLO 1959
Sverre Kildahls Boktrykkeri

Jakup Haugje og tateran

 

NB! Bildet er kun et illustrasjonsbilde.

Han Jakup var uppvakse på Haugje i Holongsøyom. Han var utumåta stor og sterk. Han gifta seg og fekk seg ein husmannsplass under Taulstad. Plassen låg innpå åse mot Sel og heitte Ruste.

Så var det ein gong han var på Taulstad på arbeid. Seint ein kveld vart det sagt ‘om at det var noko gale på ferd heime, og han fekk ikkje ro på seg, han måtte gå heim. Taulstadkjeringje vart forundra på at han vilde gå heim så seint på kvelden. Han sa at han hadde fått det så sterkt ti seg at det var um å gjera at han kom heim. Så gjekk han over åsen um kvelden. Da han kom inn heime, sat kona og borne reint forskræmde burti ei ro. Burtved peisen heldt tvo tatere på og steikte flesk åt seg, som dei hadde teki der i huset. Kona hadde ikkje våga å nekte dei noko, som ventande var. I stabben sto det mange knivar som dei hadde slipa og sett frå seg der.

Da Jakup kom, gjorde dei seg morske, og var nok tenkt på å skræme han med. Men Jakup var ikkje redd slike karar han. Fyrst tok han stabben med knivom og hivde uti garden. Så bar det i hop med taterom, og det vart ei heit kule inne der. Men enden vart nå at han Jakup dengde dei og kasta dei ut. Og så jaga han dei fyre seg over åsen um natte og førde dei til lensmannen, som da budde på Håmår.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *