Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om, og se bilde av Anne Torsteinsdotter Hermundstad

Jan Øye får sladrekjerringi te springe

Anne Torsteinsdotter Hermundstad fortel


Jan Øye (f. 1795) var halvbror te Trond Øye (f. 1790), bestefar min. Han Jan var kjend for at han kunde meir enn mata seg.

Ein gong med Jan var på Øye, var det ei kjerring på Marken, sunnan Øye, som hadde fare med noko slarv um han Jan. Ho godmor Øye kjende so vel te dette, og det er ho som har fortalt meg det.

Ja, han Jan hadde vorte dugeleg sint på Marka-kjerringi for dette slarvet. So tenkte han med seg sjølv: «Du ska nøkk få springe mettin din!» Og rett nok: Ein dag korn kjerringi springande te Øye reint utarma. Han Jan var endå i fjøset nett då. Og kjerringi kasta seg ned på fjøsdørstokken med anden i halsen og sa:

«De e ein ver so e vørtin so agalaust sjuke før me. E kann vel kji få noko herdslevatn åt hono?»

Det skulde vel vera medisin åt veren, det då! Ho laut finne på eit ærend, skjøner du.

Då ho spurde slik, svara han Jan:

«Herdslevatn kann du laga de sjøl. Heta eit jødnstykkjy raudt o legg de i vatn, so bli de herdslevatn!»

Då vart kjerringi sint og sa:

«Dette peke ska du kji ha gjort for inkji. De kjeme ein dag du får sjå på at ungadn dine får sita
uta-umkring Øye!»

Og dette er no hendt. Helle ætti er no utgådd på Øye.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *