Internt referansenummer: 24.06.09 – A
Kilde:
HALLINGDAL OG HALLINGEN
Av:Anders Mehlum
Utgjeve av Mehlums vener
VILLVOLL SKRIVESTUGGU, RØYSE, RINGERIKE 1943
Webergs Boktrykkeri A.s, Oslo
(Klikk her for å lese Forordet, som omhandler Anders Mehlum (med bilder))

Jeg er fuld

Ein gong for lenge sea fór ein hallinggut på presteskule til Kjøpenhamn, for han hadde so godt hovud og slik hug til å lesa og duga ikkje til noko gardsarbeid. Han vart so lærd at både kongen og bispen og lærarane hans undra seg både upp og ned. Bibelen kunde han utanåt og endå mykje meir.

Ein gong han var heime att i Hallingdal høyrde dølene so mange rare språk og namn av han, at dei var hovudgalne då han fór att. Han vart prest i Kjøpenhamn, for kongen sa det var synd å grava ned so mykje lærdom i ein prestegard på landet i Noreg. Og dette var so sant som det var sagt.

Han fekk store innkomster og levde godt på allskens bymat, so mykje han berre hadde hug på, og folk reiste lange vegar for å få høyre denne vidgjetne, lærde mannen på preikestolen. Men so slo han seg på ovdrykk, so lærd han var — det var vel laga ei freisting i vegen for han og. Han supte og drakk og gjekk og vabba full kvar einaste dag året rundt, og dei som var ovundsjuke og missunte han hans store lykke i denne verdi vart glade, — no kunde det vera von for dei å koma framum han.

Folkesnakket um presten kom ogso for kongen, som heldt mykje av han. Og kongen vilde naudleg tru det. Men so vart det sytt for at kongen fekk sjå presten so full som nokon kunde vera.. Det gjorde kongen svert vondt, men det var ingen råd med det — presten måtte ha avskil, so lærd han enn var. Men no var det slik med det, at endå um ein prest drakk som ein svamp kunde han ikkje gjevast avskil berre for det, han måtte ogso ha gjort noko gale i embetstenesti.

Ein sundag såg kongen presten so full at han raga i gata. Då vart kongen so harm at han gav påbod at presten skulde preike til høgmesse då med det same og kongen vilde sjølv vera til stades og lyda på preika. Det laut bli slutt på dette leve¬net, og kongen og andre var visse um at presten kunde ikkje preike i dette høve.

No ja, presten rusla til kyrkja der prestefrua med gråt og tåror fekk prestekjolen på han. Men presten var so gladverug at han famna um henne og svinga seg i dans med henne på sakrestigolvet, og so vart ho glad igjen ho og. — Han greier seg nok for alle i hop her inne, tenkte ho, og slengde med hovudet med ho steig inn i koret.

Presten var so full at han snautt visste at han hadde prestekjolen på seg, men at kongen var i kyrkja, visste han. — «Å eg klarar det nok», tenkte han. Men det var ogso det meste han kunde tenkja, for det var i ei røre uppe i hovudet på han.

For altaren messa han so folk aldri hadde høyrt slik messing, og det var både rett og rettigt alt i hop, for klokkaren peika for han kor han skulde messe, elles hadde han nok sunge altarboki ut. Og når bøni var til ende song klokkaren so det ljoma og presten skyna at det var ingen utveg til å koma lenger på denne kant, det stod i berg.

No var høgmessesalmen sungen. Presten sat i stolen sin og tykkte at heile kyrkja svinga rundt med han og han vilde både læ og gråte. So skulde han på preikestolen. Han raga burt etter kyrkjegolvet og fann på ei slag vis fram til trappi, men det var rådlaust å ta trappestegi upp over, so klokkaren måtte hjelpe til.

Han var presteson, klokkaren, og hadde lese til prest og, men han låg under for drykk i ungdomen, so han hadde ikkje fått kappe og kragi. Han skyna vel kor mykje som stod på spel for presten. Han var nordmann han og, og dei tvo heldt i hop i vonde og gode dagar — blodet er tjukkare enn vatn, må tru.

Presten stod no på stolen.

Kongen hadde gjevi honom tekst å preike over og denne skulde han ikkje ha kjennskap til for han kom på preikestolen.

Papiret der teksti var nedskriven låg på preikestolen, men dette såg eller sansa ikkje presten, og på eikorleis vis hadde han subba papiret ned, so det dala so fint ned til den fremste kyrkjestolen, men ikkje anten klokkaren eller prestefrua vart vár det, for dei sat og såg ende ned i golvet, so bangne var dei for presten og han fekk soleis ikkje papiret igjen. Og han sakna det ikkje heller. For det hadde alltid lagst noko til tekst dersom han kunde fått ein tanke for seg, men det var just det han ikkje fekk. Han lutte seg søvndrukken fram over preikestolen og so sa han: «Jeg er fuld — jeg er fuld — jeg er fuld — — og kongen er fuld. Jeg er fuld og kongen er fuld — —» Ein kan då veta at kongen vart sinna for slikt, og so tok han til å flytja på stolen sin og til å skrapa med støvelhelane i golvet. Og so full presten var, skyna han dette, og redsla tok han. Og når den motige blir redd, blir han det til gagns. Redsla for å få avskil, og det ålvor og ansvar han stod over for som på ein vendebakke på livsvegen, gjorde honom edrug med eitt. Han vaks upp til ein mann der på stolen, samla tankane sine og tok si tekst, som han ikkje gjekk langt etter. Og so tok han til slik:

«Jeg er fuld og kongen er fuld. Jeg er fuld af synd og elendighed og kongen er fuld af nåde og barmhjertighed». Og so heldt han fram i sus og brus, det eine ordet tok det andre, den eine tanken slo den andre, tanke og tale strøymde som elv i flaum snart som stille flytande vatn, snart som fossefall, over konge og kyrkjelyd.

Han steig i ord og tankar upp til ein annan konge, som er større enn alle jorderiks kongar i hop, og so godt preika han denne gongen, at kvar ein sjæl som i kyrkja var — kongen med — gret som dei skulde ha vore piska med bjørkeris.

Men frå denne dagen vart presten ein annan mann. Han hadde drukke sin siste dram og ingen fekk han til å smaka ein tår meir. Og han vart ogso ein annan prest. Han preika um Guds nåde og miskunn so det gjekk ord um han over land og rike og folk kom langveges frå for å høyre han.

Han skildra alle so dei kjende seg, og han skildra den rettferdige og allkjærlege Gud slik at alle trengde til han.

Hans ord gjekk som ein vind over land og strand. Og kongen fekk honom kjærare enn før, for denne kongen var ein god og gudfryktig mann.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *