Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Jemten hadde ein hustomte med seg

Da Jemtland vart skild frå resten av Norge og lagt til Sverige var det mange som heller land rømde enn under framandt åk ville leva. Mange og sterke band batt folket i Jemtland og Trøndelag saman. Slekskap og venskap og mykje anna.

Ein av desse flyktningane kom og slo seg ned i Budalen. Her rydde han seg heim, dyrka jorda og fekk seg kone og born. Heimen han odla vart kalla Jamtlid.

Det er også ein versjon av soga som seier at han kom til Budalske Kopparverk og at han såleis vart buande i Budalen etter at verket stansa.

Denne karen hørte fortald om dei norske trolla og tussane, men han hadde inga tru på dei korkje til godt eller til vondt. Han ville ikkje høra tale om at dei kunne vera til noko hjelp.

Men han hadde med seg ein liten hustomte. Denne hustomten var ikkje større enn han gjekk ned i trøyelomma til Jemten. Og han hadde mykje og god hjelp av denne småtassen.

Han gav god avling, god rypefangst og godt ver når det var bruk for det. Attåt kunne han varsla om ting som ville koma til å henda frametter.

Hustomten var det ein kallar: Liten, men god.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *