Internt referansenummer: Bok-05. april-2020
Kilde:
Skreppekarar og anna folk
Av: EINAR ULLESTAD
Illustrert av: OLAF HUSTVEDT
NOREGS BOKLAG
1962
Trykk og bind:
MARIENDALS BOKTRYKKERI A/S,
Gjøvik
Klikk her for å lese «Føreordet»

JENKIEN

Eg kjende ein skjemtsam norsk-amerikanar, som det var ein rein hugnad å høyra fortelja. Og fortalde gjorde han støtt når nokon ville høyra på han. Ein trong ikkje be, det kom av seg sjølv. Det var berre å svara ha eller ja, so losna praten og gjekk i timevis. Rettnok sa han ein gong, at no var det ikkje moro å fortelja meir:

– Folk trur alt eg seier, klaga han seg.

Jenkien kalla folk han, og det høvde godt. Han hadde vore 20 år i Amerika, kom så heimatt og busette seg på farsgarden, som ein brorson hadde overteke. Fjellmann var Jenkien, og Gråsida var fjellet hans, der kjende han seg heime. Ein av grannane til Jenkien fortalde om ei fjellferd dei hadde gjort. Dei tok i veg om morgonen og kom fram til ei hytte utpå dagen. Jenkien fortalde laust og fast og prata heile tida. Felagen gjekk berre og lydde, og merka ikkje før dei var ved hytta. Og då kvelden kom og dei var gjengne til køys, låg Jenkien og fortalde og fortalde til han høyrde felagen tok til å ryta. Då gav han seg.

Jenkien var ein stor veidemann. Ein gong han var på jakt og hadde gjenge mest ein heil dag utan å ha løyst skotet, fekk han brått auga på ei rjupe. Han tok sikte og skaut. Med det same skotet gjekk av, såg han foten av ein reinsdyrbukk attom rjupa. Då Jenkien kom bortåt og skulle henta rjupa, låg der ikkje færre enn fem rjuper og ein reinsdyrbukk! Jenkien totte det var leitt at han reint uviljande hadde skote ein reinsdyrbukk, som ikkje var hans dessmeir. Han tok likevel og lema bukken og la han frå seg. På heimvegen råka han eigaren og fortalde at han hadde skote reinsbukken.

Eigaren let vel, han, og sa det var berre bra, for han hadde leita etter reinsbukken i 8 dagar og ikkje sett hyren til han, so dette skulle ikkje Jenkien ha gjort for inkje!

Ein annan gong Jenkien skulle på jakt, råka han ein reinsbukk, og han let bukken få smaka nistematen sin. Då han hadde gjenge både vel og lenge utan å få skot på ei einaste rjupe, la han seg ned og sovna. Brått vakna han av at nokon grov han på brystet. Han slo opp augo, då såg han at reinsbukken stod over han. Jenkien trudde fyrst at det var meir niste bukken var ute etter. Men so tok bukken til å gå, og Jenkien fylgde etter han. Då skyna han at det var rjuper bukken fann åt han. Jenkien la børsa over ryggen på bukken og skaut, det eine kullet etter det andre. So det vart noko til stor¬fangst og takk for sist.

Jamvel om vinteren ferdast Jenkien ofte til fjells, då gjekk han sjølvsagt på ski. Ein gjæv skilaupar var han, etter det han sjølv har fortalt. I utforrenn hadde han venteleg teke dei premiar som var å ta dersom han hadde vore med på slikt. Han fortalde om ein tur han hadde på Gråsida. På heimvegen skreid han nedover dei bratte liene so snøspruten stod ikring han. Brått merka han at det vart så stilt under skiene. Då han såg ned, sveiv han gjennom lause lufta. Han hadde sett til utfor ei ufs, og langt under seg såg han ein hare i tanande egse. Haren trudde nok det var ei ørn som kom fjukande og jakta på ein matbete, veit du.

Illustrert av: OLAF HUSTVEDT

Eit år skulle Jenkien og nokre vener på påsketur til stølen på Løkjane. Då dei kom fram, viste det seg at alle selshusa var snøa ned om vinteren, det fanst ikkje merke etter dei eingong. Då tok Jenkien og støytte skistaven sin ned i snøen, mest til endes, so sa han:

– Dar råka eg pao omnsrøyrè, kara.

Det var ein haust at snøen la seg so tidleg. Ein dag tok Jenkien skiene på seg og for til fjells. Der kom han bort på ein stor snøskavl som hadde lagt seg. Brått skar eine skia hans gjennom skavlen, han fekk kjenna slik sterk smalalukt, endå verre enn inne i ein flor. Jenkien tok skiene av seg og gav seg til å grava ei hole, og djupt nede kom han på eit stort rom innåt ein bergvegg. Der gjekk det 15 sauer, som alle var i live.

I fyrste verdskrigen gjekk det snøgt framover for tyskarane til å byrja med. Mann og mann imellom drøfte dei krigen og vonene for dei stridande.

No gaor da ratt for idla for dei allierte, sa dei til Jenkien. Men då svara Jenkien:

– Bia no berre te amerikanarane komma me vinkelkrutè sino, so tenkje eg attu tyskarane fao nok!

Jenkien var mykje nytta som griseslaktar. Han var hendig både med skjotemaska og kniven. Ein gong kom ein småbrukar og ville tinga han til å slakta gris. Men då sa Jenkien nei, for denne karen hadde grisehus i støypt betong. Jenkien hadde slakta gris i eit slikt betonghus, og då laut han springa ut etter han hadde fyrt av skotet, for kula for vegg imellom. Han laut halda seg utanfor til dess kula hadde treft grisebeistet og roa seg. So gjekk han inn og rørde i blodet. Han ville kje det oftare, han sa at han lika ikkje å venta på det viset.

Det var so mangt Jenkien hadde for seg. Avdi han var flink til å prata engelsk, fekk han plass som portier på Solstrand hotell. Mellom gjestene den gongen var sjølvaste keisar Wilhelm. Jenkien fekk i oppdrag å barbera keisaren, som hadde eit stort utval barberknivar med ekte elfenbeinskaft i eit fint etui. Jenkien prøvde ein av knivane. Han beit ikkje, so prøvde han neste. Slik heldt han på til dess han hadde fare over alle, dei var tolv i talet. Ingen av dei beit.
Då sa Jenkien:

– Nai, no faor eg sta og prøva min aien!

Det var ein heimelaga kniv, som var smidd på Voss av ein nedslipt stuttorvsljå. Og då gjekk skjegget til keisaren som grisebust. Keisaren spurde etterpå om han kunne få byta til seg kniven mot alle tolv i skrinet. Det gjekk Jenkien med på. Sidan tok han alle tolv knivane etter keisaren med seg til Amerika. Der selde han dei for 20 dollar stykket, so det var ei dyr barbering. Knivane skal vera i bruk der burte den dag i dag.

Illustrert av: OLAF HUSTVEDT

 

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *