Internt referansenummer: 07.06.09 – A
Kilde:
UFREDSTIDER
FOLKEMINNE FRAA ØSTERDALEN II
NORSK FOLKEMINNELAG V
Av:
SIGURD NERGAARD
(Klikk her for å lese om Sigurd Nergaard)
KRISTIANIA OLAF NORLIS FORLAG 1922
Prenta hjaa Johansen & Nielsen

Jens Fonnaas var ordonans aat
oberst Krebs

Han var ordonans aat oberst Krebs. Det skulle vera slik ein stø og bra kar. Ein gong fekk han fri og var heimatt ein tur, og daa han gjekk i vegen att møtte’n a Marit Helstad, og tok daa farvel med henne. Ho gjekk daa innum paa Fonnaas og tala um dette. «Før han kjem alder her att,» sa ho. Dei vilde daa vita kva merke ho hadde paa det. «Han stanse mange gonger og saag seg attende,» sa ho.

Ho fekk rett ho Marit. Han vart sjuk og døydde der ute. Krebs skreiv sjølv eit brev aat far hans, han Per Fonnaas, og tala um det. «Jeg elsket ham som min egen søn,» skreiv han.

Gunnar Maan fraa Finnstadgrenda var og med. Det vart smaatt med’n Gunnar daa han vart gamal, so han gjekk og bad seg. Det var pensjonen hans, og daa kunde det full henda han kom att ofte paa same stellet. Ei kjerring vart likeglad med’n, og sa det aat’n og.

«Aa, du kan nok gi meg litt mat, før je ha svølte og staatt før koler og kru før døkk je!» sa han.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *