Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Jenta i vedstabelen.

Ei småjente frå same grenda vart også ute for tussane. Ho var berre fire-fem år. Dei andre i huset hadde lagt merke til at hest som ho var ute på tunet så var ho søkkt borte.

Dette hende dagstødt, og alltid var det nedmed den store vedhaugen dei såg henne sist.
Ein dag ville mora passa på, og ho vart med jenta ut. Jenta gjekk og stirde mot vedhaugen, og så tok ho til å gå mot haugen. Mora gjekk etter og tok jenta i handa.

– Slepp meg mor, for døm tæ me lell, sa jenta og drog handa til seg og var på gråten. Mora slapp handa, og jenta vart borte for augo hennar.

Ho kom fram att i kveldinga, og da fortalde ho at ho hadde sett folka på garden heile tida med ho var inne i vedhaugen, men kva ho hadde vori med på der og kva ho hadde sett, ville ho ikkje ut med.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *