Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Jenta under senga.

På ein gard i sørbygda i Soknedal vart det stort oppstyr ein dag utpå hausten. Ei småjente vart borte. Alt dei leita var til fånyttes. Ut på kvelden var ein gutunge opp på
høylemmen, og han fortalde da at han såg jenta under ei seng som var bortstuva der.

Mora var ikkje sein om å koma seg på lemmen og ville få jenta si fram, men same kor ho masa, så fekk ho ikkje jenta laus. Ho sat som i ei skruvstikke, og jenta illskreik.

Da kom bestefaren stavrande opp lembrua med krokstaven sin. Han vart ståande ei stund framfor senga.

– Hm…..jaså, æ det slik fatt, sa han og tok seg på baken, lirka kniven av slira og kasta han over senga og bort i veggen. Med det same hørte dei ein stygg dunder, og småjenta var løyst. Men ho var ikkje lik seg på lang tid etter.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *