Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Jenta vart funni att i kjørkjesvala.

Det hadde vori brudlaup på ein gard i Hovsgrenda i Soknedal. Det var på den tid gammalkjørkja stod, og utpå dagen sakna dei ei småjente mellom gjestene. Det vart leita høgt og lågt, men jenta såg dei ikkje likt til. Ein gammal mann sa da at det kanskje vart best å røra lite grann på kjørkjeklokka. Gjorde det ikkje gagn, så gjorde det i alle fall ikkje vondt. Tre karar tok av stad til kjørkja og kom seg op i tårnet. Etter ein to-tri klemt i klokka hørte dei småjenta gråta nede i kjørkjesvala. Dei skynda seg ned og fann jenta. Men som ho såg ut! Alle kleda var rangsnudde på henne. Skoene var sette på gal fot, og jenta sjøl var det ikkje eit vettugt ord å få av.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *