Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Jenteskatt i Fjaler…

Heimeverande jenter som ikkje hadde eiga innkome vart ilikna nokre få kroner i skatt, såkalla jenteskatt. Denne vart ofte ikkje betalt og dei tok gjelda med seg i buet når dei gifta seg. Når dei vel var gifte, prøvde kommunen å få inn denne skatten, anten ved at mannen betalte godvillig, eller at det vart teke pant i eigedom som jenta hadde med seg heimanfrå. Det kunne ikkje takast pant i det som mannen hadde teke med seg i buet.

Lensmannen i Fjaler var ute på eit slikt oppdrag ein gong. Mannen ville ikkje betale jenteskatten, og så vart det spørsmål om kona hadde heimanfølgje som det kunne takast pant i. Lensmannen ville vite om ho hadde ein rokk, eller ein vevstol, eller kanskje ei ku eller sauer som ho hadde fått med seg. Men nei, ho hadde ikkje fått noko slikt. Men heilt snau kom ho likevel ikkje til gards, sa ho. Ho hadde fått med seks høner. Han kunne ta pant i dei, meinte ho.Men lensmannen vegra seg for dette.

– Det skal ikkje kunne seiast om meg at eg har teke pant i høna, sa han.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *