Internt referansenummer: 02.02.2022 – B
Kilde: «Slik var hverdagen»
Arbeidsfolk forteller frå husmannskår, anleggstid og kriseår.
Redigert av: Hallgrim Høydal, Kari Moen og Jostein Nerbøvik
Notodden historielag
NKS-Forlaget
Oslo 1988
ISBN 82-508-0499-6

Forteljar av denne historien er Sigurd Olsen

 

Jentun frå Bø va flinke te å arbei

Dæ va lite arbei fe et kvinnfolk i Omersdal. Gardan va små. Mange tok ut, å i slåtten dróg mange te Rauland som rakstejentur. Dæ kom fælt så mange frå Bø — slåttekarar å rakstejentur. Karan bar ein kvartersholk mæ graut på ryggen, å rakstejenta kom ette mæ ein holk sur mjålk. Jentun frå Bø va flinke te å arbei.

Jorda på plassan å på gardan va små å steinute. Høy te fór slo dei på stulan å dær dæ va gras i skortur å på myrar. Høyet blei stakka, hell lagt inn i fillebuir. Når sjoen kåm, va dæ å få trug på hesten, tåkå ein sløå å få dæ heim. Dæ va mykje lauving, helst te sauefór. Midt i sauebingen sto ein staur, å så sette dei et lauvkjerv på stauren, å så fekk sauin gnågå i seg dæ som va.

Heime samla me au fôr. Me slo myrar, i urir å røysar. Dæ va godt gras, å me konne taka dæ som va fe husbonden brydde seg ikkje om dæ. Dæ va fe mykje arbei å drive mæ slik sanking, men dæ va ei god hjelp. Me stakka, å ut på veten va dæ å få tak i ein kjålkje å drågå høyet heim.

 

Om forteljaren Sigurd Olsen

Sigurd Olsen heiter denne forteljaren. Han blei fødd i 1867 i Åmotsdal, ei bygd i Seljord kommune. Intervjuet er gjort i 1956 på Notodden, der Sigurd Olsen slo seg ned etter å ha vore innom ulike arbeidsplassar. Me høyrer om gjeting, onnearbeid, føring og Amerikaferder, «eksisen», åra på Skrivargarden i Sauland og hjå gammallensmannen på Mosebø. Til sist vart det arbeid på Salpeterfabrikken og i Misjonshuset.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.